Ingrid Eriksen Hagen


Fornuft og kjensle – å framføre musikk av Carl Philipp Emanuel Bach


Universitetet i Bergen, Fakultet for kunst, musikk og design, Griegakademiet

University of Bergen, Faculty of Fine Art, Music and Design, The Grieg Academy

Disputas: 09.02.2018

 

Veileder: Torleif Torgersen og Maria Bania

 

Bedømmelseskomite: 

TuijaHakkila, Professor, University of the Arts , Sibelius Academy, Helsinki, Chair 

Bart van Oort, Professor, Conservatory of Den Haag 

Christina Kobb, lecturer at the Norwegian Academy of Music, Oslo, and freelance pianist 

I møtet med Emanuel Bach sin komplekse og uttrykksfulle musikk – med klavikordet, som er like intenst og nyanserikt som det er sart og lydsvakt – med tankane om musikalsk empati, der utøvar og lyttar saman opplever det sanne innhaldet og kjenslene i musikken – oppstår ein trong til nærleik, intimitet. Men kor nær kan me kome? Kor nær vil me kome? Nær nok til å høyre instrumentet. Nær nok til å forstå kva musikken seier – til å følgje med i alle dei vedunderlege svingane av – skarpt vidd. Djupaste alvor. Ømmaste kjærteikn. Boblande glede. Tanken som ikkje let seg – let … seg … – … Men så knirkar golvet. Nokon snur på seg. Klarar ikkje høyre. Kvifor speler ho så svakt? Klarar ikkje forstå. Så mange notar. Fryktelig fort heile tida! Kven var no eigentleg denne fyren – det er veldig lenge sidan han levde?

Dette er refleksjonen i Ingrid E. Hagen sitt kunststipendiatarbeid. Med utgangspunkt i mitt personlege møte med Emanuel Bach (1714–'88) sin musikk og hans idear om musikalsk empati har eg utforska formidlinga til publikum, i all hovudsak på klavikord. Eg har arbeidd i spenningsfeltet mellom intimitet og avstand – prøvd ut ulike måtar å kome nærmare på og kjend på motstanden som oppstår i desse forsøka.

Eg har oppsøkt menneske utanom den konvensjonelle konsertsituasjonen, på jakt etter det nære møtet for empatisk samoppleving av musikken. Eg har framført Bachs musikk utandørs, på museum, for menneske som ikkje forventa å oppleve levande musikk. Og eg har undersøkt relasjonar mellom musikk og språk, både strukturelle, utrykksmessige og kontekstualiserande. Dette har eg gjort for å betre mi eiga forståing og kunstnarlege innleving i stoffet, og for å finne ut korleis ulike vis å kommunisere og utnytte desse i formidlingssituasjonen kan forme opplevinga på ulikt vis.

Gjennom arbeidet har eg vorte merksam på kor mykje ulike konsertformat eller andre presentasjonsformer påverkar kva publikum lyttar til i musikk, og slik kva dei får ut av den. Eg har arbeidd inngåande med ein del av Bachs klavermusikk, og spelt inn CD’en “für Kenner und Liebhaber” med solo klavikordmusikk. Saman med avslutningskonserten i Stranges Stiftelse i Bergen i november 2016 utgjorde CD’en stipendiatarbeidets kunstnarlege resultat. Min kunstnarlege metode har vore ein refleksiv prosess, der spørsmål blir undersøkt i forsøk, utforma i dialog med det faglege stoffet – det vere seg musikalsk, skriftleg eller kunstnarleg erfaring, i eit stadig forsøk på å kome nærmare. Denne ikkje-lineære arbeidsforma organiserte eg som «spor», og kunne slik arbeide med parallelt fleire problemstillingar som grip inn i kvarandre undervegs.

Stipendiatarbeidet blei gjennomført på Griegakademiet, inst. for musikk innan Program for Kunstnerisk Utviklingsarbeid, og var finansiert av Universitetet i Bergen. Rettleiarar var professor Torleif Torgersen ved Griegakademiet og professor Maria Bania ved Högskolan för scen och musik, Göteborgs Universitet.

 

ABSTRACT For English version, see the exposition “Sense and Sensibility, performing music by Carl Philipp Emanuel Bach”.

 

Go to exposition