Den indoeuropeiske opprinnelsen til navnet fjord er prtús fra por- eller per- og verbet 'fara', i betydningen 'å fare til den andre bredd'. Det norrøne substantivet fjörðr kan omsettes til et sted man ferdes. Det skandinaviske ordet fjord (ferþuz), er opprinnelsen til liknende europeiske ord: islandsk 'fjörður', svensk 'fjärd', engelsk 'ford', skotsk 'firth', og er relatert til gresk 'poros', latinsk 'portus' og tysk 'Furt'.
Snarveg til dei ulike delene av eksposisjonen
DET SOM ER MELLOM / TUNING IN / FROSNE ØYEBLIKK / DEN VARME PUSTEN PÅ RUTA / DET Å REISE, DET Å BLI/ SOM OM EG HAR VORE HER FØR / SAMARBEIDSPROSJEKT/ OMGITT AV BØLGER/ FORMIDLING / TAKK
Spelingar ved Kunsthall Grenland i Porsgrunn, på Koreda dansefestival på Inderøya i 2021, og ved Dansens Hus i Oslo 2023, samt planlagt og utsett speling på Multiplié dansefestival på Rosnedal Teater i trondhem i april 2024.
Frå programtekst, Dansens Hus, 2023: https://www.dansenshus.com/forestillinger/fifty-ways-to-leave-a-shape
Konsept, koreografi, tekst, utøver Siri Jøntvedt
Komponist og lyddesigner
Gyrid Nordal Kaldestad
Ytre øye og lyd (Run That Body Down, P.Simon):
Øyvind B. Lyse
Dramaturg og filmskaper
Darko Dragičević
Lysdesign
Evelina Dembacke
Assistent
Amy Pender
I tillegg til Kaldestads musikk og lydbilder blir følgende brukt i forestillingen: Run That Body Down (Paul Simon), Hips Don´t Lie (Shakira) og Pavane pour une infante défunte (Maurice Ravel) spilt av Kari Jøntvedt.
Trailer og foto fra Kunsthall Grenland: Vibeke Heide.
Takk til Svein Inge Neergård, Anna Nordanstedt, Snelle Hall, Harald Fetveit, Anna Westberg og c.off Stockholm.
Samproduksjon: Dans i Trøndelag, Dansekunst i Grenland og DansiT.
Støttet av Norsk Kulturråd, Fond For Lyd og Bilde, Fond for utøvende kunstnere.
Bakgrunn for prosjektet og litt om lydarbeidet
Arbeid med minne, kroppen sine minne og musikken som sit som eit minne i kroppen. Utgangspunktet er lyden av hofta, av fuglane (kråkene), av alt det som sit av muskelminne når sinnet og det intellektuelle minnet vert tilsløra.
Lydarbeidet tok mellom anna utgangspunkt i lyden av hofta til Siri før ho opererte inn nye hofteledd. Opptaka vart gjort hausten 2019 av Harald Fetveit, og eg brukte desse som utgangspunkt og lydmateriale til store deler av lydbildet til førestillinga. For meg blir desse opptaka av hofta sine knekkelydar eit lydleg symbol på minnet om det som var. Kroppen sitt minne, og ein lyd som no ikkje er ein del av denne kroppen lengre. I første runde av prosjektet (hausten 2020), før Siri fekk nye hofteledd, mikka me opp hofta live saman med opptaka, etter operasjonen måtte me endre denne delen av førestillinga.
Eg fekk også tilsendt eit opptak av Kari Jøntvedt som spelte Pavane pour une infante défunte av Maurice Ravel, og opptak av kråker frå Møllergata og fuglar frå Thailand. Desse opptaka av Ravel og fuglar var gjort med mobiltelefon, og eg hadde sansen for dette, då det er eit forsøk på å fange eit øyeblikk, og at dette er viktigare enn kvaliteten på lyden. Då blir min jobb å arbeide med opptaket slik at eg kan integrere det i lydlandskapet eg komponerer.
På bildet under, frå første versjon av førestillinga i Porsgrunn i 2020, kan ein sjå lysrørya som Evelina Dembacke brukte i denne førestillinga, desse kjøpte eg også inn for å teste i eigne prosjekt der Evelina var med som lyskonsulent, og ein ser dei brukt i verket Frosne Øyeblikk frå 2021.
Anmeldingar - dei frå Norsk Shakespearetidsskrift ligg også som pdf for dei som ikkje abonnerer på tidskriftet.
2021:
https://shakespearetidsskrift.no/2020/10/sjolvportrettet-av-midtlivskvinna
2023:
https://shakespearetidsskrift.no/2023/03/hoftetrobbel
Endring, eit bevegelsespartitur
Hendene leitar sakte etter dei rette tangentane,
etter linja i melodien, etter frasene
pusten, dei små mellomromma.
I leitinga veks magien fram,
det skjøre,
det levde livet,
det i årevis perfeksjonerte.
Til fingerspissane.
Anslaget.
Fermaten.
Anslaget.
Dvelinga.
Leitinga.
Sakte.
Saktare.
Saktast.
Opp opp opp. Ned ned ned.
Igjen og igjen.
Same rørsler.
Same kropp.
Same kropp og ikkje same kropp.
Ligge.
Vente.
Puste.
Opp opp opp.
Ned ned ned.
Linjene i rommet følger frasene.
Fermaten.
Blikket opp.
Handa mot veggen.
Puste ut.
Flytte seg. Forflytte seg.
Opp opp opp. Ned ned ned.
340 meter i sekundet
Eg står i stranda og ser mot fjella langt der ute. Bølgjene rislar stille rørsler kring meg. Eg går ut i det kalde vatnet, går sakte utover og kjenner det omslutte meg. Trekk pusten djupt og seinker kroppen ned, sakte, stille. I eitt med dette kjenner eg meg levande og heil. I eitt med dette kjenner eg på dragninga mot fjorden. I eitt med dette kjenner eg meg som ein del av ei lengre historie.
I denne lydinstallasjonen søkjer Kaldestad og Kolbeinsen å utforske riter og mytar knytt til fjorden og havet, og har valt å krinse dette inn mot dei personlege ritene. Etter eit år med pandemi er det tydeleg at mange nordmenn har søkt til naturen. Kanskje for å kjenne at ein er i kontakt med noko som er varig og uforanderlig i ei uføreseieleg tid. Kanskje for å kople seg av den nye kvardagen og tvinge seg sjølv til å være i eitt med det som er tett på. Når temperaturen er 15 grader ute, som i ein ganske vanleg Vestlandssommar, bevegar lyden ca340 meter pr. sekund. Me ønskjer med dette publikum velkommen inn i vår lydverd.
Teksten er henta frå programmet til Hardanger musikkfest 2021.
Skodda har sige inn frå havet.
Fjorden og himmelen går i eitt.
Ei gradvis endring i tekstur.
Nyansar av grått.
Lufta er fuktig.
Små dropar legg seg over ansiktet. Føtene i det kalde vatnet. Sakte utover.
Trekker pusten, pustar ut.
Trekker pusten, pustar ut.
Trekker pusten, pustar ut og senkar kroppen ned i det kalde.
Kjenner ikkje lenger føtene mine.
Etterpå. Kroppen er nummen. Varmen brer seg innanfrå. Set meg på berget og ser mot det eg veit er eit fjell. Skodda har viska det ut. Perspektivet forsvinn. Verda lukkar seg saman og blir mindre.
Heile det siste året har vore som ei tung, sivande skodde. Verda slik me kjende den er lagt i dvale.
Lys og pleksiboksar med transduserar festa til sida utgjorde det visuelle aspektet. Små lommelykter lyser gjennom boksane, slik at vibrasjonane transduserane skapar forplantar seg i vatnet og skapar bølger på golv ogvegger i rommet. Det vart sendt tre ulike lydspor til dei tre transduserane, slik at dei til ei kvar tid repsonderte litt ulikt. Lyden var miksa i quad og spelt av via Reaper og 4 stk Genelec 8040. Transduserane er Visaton 60S festa til kvar av dei lysande plexiglasboksane som er fylt med vatn. Lysa under boksane er typen floalt frå IKEA. Me festa lysfilet til vindaugo og til dei flytande lysa, slik at heile rommet fekk eit blått skjær.
Installasjonen vart urframført og vist under Hardanger Musikkfest, som også var med på å bestille verket.
Idé, konsept og komposisjon: Gyrid Nordal Kaldestad og Are Lothe Kolbeinsen
Tekstar, lydopptak og miksing: Gyrid Nordal Kaldestad
Slåttetromme: Carl Haakon Waadeland
Klarinettar: Håvard Lund og David Rothenberg
Prosjektet var støtta av Norsk Kulturråd
Bakgrunnen for prosjektet
I utgangspunktet skulle me lage eit verk basert på at publikum skulle sette i gong lyden via små speledåsar som igjen skulle trigge ein anna type lyd. Det skulle vere fire speledåsar som var knytt opp mot kvar si lydfil og som styrte ein av dei fire høgtalarane. Dersom to eller fleire spela på speledåsane, ville fleire høgtalarar bli aktivert. Dette var ideen før pandemien, og me forstod etterkvart at me ikkje kunne legge opp til noko som gjorde at publikum måtte berøre noko for å aktivere lyden, eller at dei måtte stå tett for å aktivere lyden slik me ville lagt opp til. Me tok ideen om lydmaterialet og minner om fjord og hav vidare
med inn i prosessen, og laga verket som hadde arbeidstittel Råns døtre, då me
ville knytte dette til minner og myter kring fjorden, havet og bølgene.
Rån er i den norrøne mytologien en jotunkvinne som bor i havet. Hun er gift med jotnen Æge, og de hersker over havet sammen. Rån og Æge har ni døtre. I Snorres Skaldskaparmål sies det at de heter: Himinglæva, Duva, Blodughadda, Herving, Unn, Ronn, Bylga, Båra og Kolga. De norrøne skaldene omtalte noen ganger bølger som Råns døtre.
(Store norske leksikon, snl.no)
Me tok også utgangsunkt i at lyden skulle ha karakter av å vere under vatn, og brukte opptak av preparert gitar, hydrofonopptak eg har gjort på Fleinvær i Nordland av klarintettar spela i ei katedralaktig flytebrygge i betong, mine sjølvlaga metallinstrument fylt med vatn og spela med boge og diverse fjører festa med magnet, samt opptak av slåttetromme og opptak av stemme. Lydopptaka av klarinettar er avklart å bruke med Håvard Lund og David Rothenberg, medan opptak av Carl Haakon Waadeland som spelar slåttetromme er gjort av meg i studio. Waadeland har gjort eit stort og viktig arbeid med å samle trommeslåttar frå mellom anna Sunnhordland, der eg kjem frå.
Etymologi
(snl.no)
Tekstane kretsa kring myten om Rån sine sju døtre, samt ein leik med ordet fjord, og opphavet til dette og minner om vatnet og fjorden. Etterkvart som me arbeida og festivalen vart flytta frå vår til haust på grunn av pandemi, sneik det seg inn ein tekst om pandemien også. Fjordteksten er seinare utvikla og brukt som del av lydvandringa Det å reise, det å bli og også i Omgitt av bølger, der eg også bruker deler av pandemiteksten.
Fjord
Å fara
Å reisa til den andre breidden
Fjord
Å fara til den andre bredd
Fjord
Ein plass ein ferdes
Fjord
Ein plass ein fere øve til den andre bredden
Fara for fer å fara eg fer eg for eg er eg
Drog
Eg drog ut fjorden
Eg kom tilbake
Eg reiste øve til den andre bredden
Eg har tenkt i ettertid at meir av det eg har skrive her burde ha stått i ein programtekst som publikum kunne lese, fordi eg trur dette kunne ha gitt dei ei anna oppleving av verket. Det å kjenne konteksten og bakgrunnen for eit verk, kan gjere at ein opplever det litt annleis. Berre det å vite at nokre lydoptak er gjort ved same fjord som ein ser på når ein går ut av installasjonen, kan vere med på å utvide opplevinga. Arbeidet med at lyden forplantar seg i plexiboksar med vatn og skapar lydbølger på veggene, er direkte inspirert av enkelte verk av Olafur Eliasson, særskilt verket Notion motion
Fingrane i vasskorpa lagar strekar i vatnet.
Strekane forsvinn.
Eit avtrykk som varer eit millisekund.
Hva skjer med ei kvinne som har mistet alt? Hva kan mangelen på utveier få en kvinne til å gjøre? Med disse spørsmålene åpner Medea sin samtale med Moralen i stykket Moral ifølge Medea.
Eg vart tatt med som del av det kunstnariske teamet saman med Saila Hyttinen- regi, Vilde Jønland- scenografi og Daniel Takle Piel - lys.
Janne Kokkin og Synnøve Fossum Eriksen var skodelspelarane som representerte moralen og Medea.
I dette tilfellet starta eg med å lese stykket, som er skrive som ein monolog, for å sjå kva det kunne gi av idear til mitt arbeid. Det handlar i stor grad om å skape eit rom i samspel med lys og scenografiske element. Det er ein dynamisk prosess, der eg tidleg i prosessen deler lydskisser med nokre forslag til ulike forløp. Så kjem regissør og skodespelarar med nokre innspel og idear, og så avgjer prosessen korleis me brukar dei ulike delene til slutt. I siste fase blir det ei slags finhekling i forhold til nivå, tempo og timing fram mot det endelege resultatet. Lydbildet er skapt av mine eigne opptak av bølgjer, steinar, gitar, stemme, saksofon, slåttetromme, samt minimalistiske rytmiske sekvensar og meir ambiente draumeaktige lydlandskap som er ei blanding av elektronisk lyd og bearbeida opptak av akustisk lyd. Gitaropptaket eg brukte var av Are Lothe Kolbeinsen. Eg fekk også gjort opptak av stein som var ein del av ei installasjonen How to read water #5 av Anna Thu Schmidt, Hanne Dahl Geving og Thea Ellignsen Grant, som var på TEKS.studio medan eg utvikla lydmaterialet til denne førestillinga. Dei hadde gjenskapt ei steinstrand inne i galleriet, som var perfekt for å få gjort skjerma opptak av stein, nesten som i eit foleystudio, og eg fekk tillatelse til å ha ein opptaksdag i installasjonen når galleriet likevel var stengt for publikum.
Lydarbeidet vart gjort i Ableton Live og ProTools, for så å bli lagt over i QueLab fordi det var teateret sine eigne teknikar som skulle avvikle lyd og lys. Eg fekk difor høve til å lære meg QueLab, og kan no arbeide i dette programmet dersom det blir aktuelt. Eg lærte også korleis ein kan mappe lyd -og lysque, noko som eg veit eg kan ha bruk for yrket mitt framover. Det var lærerikt og også interessant å observere kor forskjellig det er å sette eit lyddesign slik som her, framfor å køyre det live, slik eg i nesten alle tilfelle tidlegare har gjort og gjer i samarbeidet med mellom andre Siri Jøntvedt. Rytme og timing endrar seg jo alltid i ei levande førestilling, og eg ser no i enno større grad enn før kvifor det for meg er viktig å gjere denne avviklinga sjølv. Det viser seg at ein gjennom mange års praksis har opparbeida seg ein fintuna forståelse for korleis timinga kan endre seg frå dag til dag og frå rom til rom.
For meg var dette ein svært lærerik prosess, fordi det viste meg, som fleire av samarbeidsprosjekta dei siste åra, at eg trivst med samskapande kunstnariske prosessar. Dette kjem eg stadig tilbake til, og det er tydeleg at eg oppsøkjer det kollektive i fleire av mine arbeid.
Dette prosjektet starta som eit initiativ frå Steffen Wellinger, som er professor i arkitektur ved NTNU og særskilt opptatt av byutvikling. Han ønska å sjå korleis eit kunstprosjekt kunne gi ei annleis oppleving av denne gata, som ein gong skulle bli Trondheims Boulevard. Den skulle inkludere kollektivtrafikk, gåande, syklande og biltrafikk, med trær som skulle skilje kollektivtrafikken frå biltrafikken – ikkje ulikt gater ein mellom anna kan oppleve i Berlin.
Jungendbygga som ein finn i deler av gata, har vore kjelde til mykje diskusjon. Nokre hus har, etter mykje debatt, blitt rivne. Gata har ein rik og spanande historie knytt til dei som gjennom tidene har budd der, for eksempel Agnar Mykle, Liv Ullmann, Jacob Maliniak, og sjølvsagt til studentane og Studentersamfundet. Det står eit lite gult hus midt mellom høge bygårdar der det har budd ein eldre mann som ikkje ville la seg flytte på, og det har vore fleire bygg med kommunale boligar der, samt eit «hjem for eldre damer». Det er ein slags gammal storhet her, i denne gata som no framstår som eit konglomerat av ulike tiår og arkitektoniske uttrykk, med nokre grelle eksempel frå dei siste tiåra.
Steffen Wellinger gjorde meg til prosjektleiar for forprosjektet hausten 2022, Arbeidet med appen ECHOES, som eg også brukar i Det å reise, det å bli ga meirsmak, og eg har no tatt over programmeringsansvaret sjølv, slik at dette vert ein integrert del av komposisjonsarbeidet i det vidare arbeidet med ferdigstillinga av vandringa, som blir hausten 2024. Den delen eg gjorde som del av mitt stipendiatprosjekt, vart sett på som første del av utviklinga av eit større prosjekt. Eg har også stått for lydopptak av tekst, samt komposisjon av lydcollage. Eitt av desse ligg ved som lyttedøme her.
Dei som er med i prosjektet er arkitekt og kunstnar Trygve Ohren, som er kunststipendiat ved NTNU knytt til arkitektur og planlegging. Musikar og komponist Are Lothe Kolbeinsen, som saman med meg har laga fleire lydinstallasjonar i atypiske visningsrom. For å utvikle tekstmateriale som skulle vere poetisk, historisk og faktabasert, kobla eg på forfattar Marte Huke og byutviklingsentusiast, politikar og leiar for litteraturhuset i Trondheim, Trond Åm til å utvikle tekstmateriale til vandringa. Lyd og tekst er ei blanding av historiske, poetiske og faktabaserte innslag, der ulike stemmer av ulik karakter kjem til orde. I det vidare arbeidet med vandringa, vil me også integrere tekst og lydopptak av folk som bur og har budd i gata.
Lydarbeidet kjem til å bli vidareutvikla slik at det er lyd heile vegen i vandringa, ikkje berre på enkelte punkt slik det er no. Vedlagt link til vandringa er ein upublisert versjon. Når ein skal opne vandringa for publikum vil vandringa bli publisert og søkbar i ECHOES si oversikt over vandringar. Arbeisdstittel for den endelege vandringa er Å bevare og å rive ned- kunstneriske undersøkelser i Elgeseter gate.
Sjå korleis vandringa ser ut per i dag her!
Ohren vil utvikle intervensjonar i byrommet, strukturar med QR- kode og informasjon, slik at ein enkelt kan «koble seg på» vandringa. Intervensjonane vil bli utvikla gjennom ein workshop med NTNU- studentar som blant anna vil ta utgangpunkt i historisk arkivmateriale fra studentane sine paradar i gata. Elgesetergate er gata der studentinitiativ møter byen, gjennom både Studentersamfundet og UKA-festivalen. Me planlegg visuelle element og intervensjonar på fleire punkt i gata for å markere at verket er ope for publikum.
Dette seier kunstnarisk leiar og koreograf Anna Nordanstedt om prosjektet:
Skogen er en tverrfaglig forestilling rettet mot målgruppen de aller eldste. Prosjektet inviterer inn i et sanselig univers som gir fornemmelser av skog; Skogen med stien som svinger seg inn, bladverket over, mørke langt borte, lyden av en ugle, skyggen av et greinverk, den myke mosen under, den store maurtua, vandringen og trallen. Vi vil tilby et sted som åpner for frie assosiasjoner og erindringer. Vi ønsker å forvandle eksisterende miljø i dagligstua gjennom å tilføre materiale, lyd og lukt fra skog. Danserne vil utfolde seg i et forløp i samspill med publikum. Publikum vil involveres som sansende og delaktige ut fra eget ønske og mulighet der og da.
Nettside for prosjektet : https://www.annaogco.no/produksjon/skogen
Kunstnerisk team:
Anna C Nordanstedt (kunstnarisk leiar/koreograf)
Mio Oribe (visuell kunstnar)
Gyrid Nordal Kaldestad (komponist)
Siri Jøntvedt (utøvande medskapande dansekunstnar)
Kenneth Bruun Carlson (utøvande medskapande dansekunstnar)
Svein Inge (Rådgiving/Lysdesign)
Marie Rechsteiner (produsent)
Foto: Elfi Leinan
Produksjon: Anna & Co
Foreløpig støttet av:
Kulturdirektoratet
Trøndelag Fylkeskommune
Skogselskapet i Trøndelag
FFUK
I prosessen, som innebar eit forprosjekt i perioden 2021-2022, testa eg å bruke Visaton EX60R Transduserar festa til bordplata der publikum skulle sitte. Forestillinga baserer seg på situasjonen rundt eit bord, og utviklar seg frå dette utgangspuntket. Eg satte i prosessen transduserane både oppå og på undersida av bordet, for at det skulle bli skjult og ikkje skape visuell uro. I den endelege forestillinga er dei festa som på bildet her, men kamuflert av scenografi. Oppsetet for lyd er svært kompakt og lett å handtere for utøvarane, då dei består av 2 stk transduserar, 1 Noobsound miniforsterkarar og lyd spela av frå den eine utøvaren sin telefon.
Kjensla av å vere i skogen er blitt understreka av bebuarane som har opplevd forestillinga, som har turnert og skal turnere på omsorgsbasar i Trøndelag i 2023 og 2024.
Inderøya, august 2021
Eg er invitert inn i eit samarbeid med koreograf Anna Nordanstedt, scenograf Mio Oribe Stuberg og dansar Siri Jøntvedt. Ei forestilling som skal spelast for menneske med kognitiv svikt på omsorgsbasar.
Me har utekontor i ein liten skog på ei høgde, Kverkilberget på Inderøya. For meg er dette ein heilt vanleg og litt kjedeleg skog, granskog og furuskog og ei og anna bjørk, skogsbotn som består av eit flettverk av røter og mose.
Når me går der saman, den som arbeider med lyd, den som arbeider med det visuelle og taktile og den som arbeider med rørsle knytt til både det lydlege og visuelle, framstår skogen annleis for meg.
Ein liten klase av piggete røyksopp. Eit tre som omfamnar ein stein. Lyden av fottrinn i tørt gras og greiner som liknar gamle hender. Det barnlege blikket som ser noko spanande, underleg og vakkert i detaljane. Det slår meg at det er slik det er å gå tur med ungane – men at det då er dei som rettar blikket mitt mot sin måte å sjå verda på. I dette samarbeidet ser eg skogen med eit felles prosjekt i bakhovudet.
Å finne lysglimt i det dunkle, å leite etter ord som kanskje er blitt borte, å leite i assosiasjonane til eit minne som er blitt tilsløra.
Lyden, lukta og synet av skogen endrar seg i meg gjennom dei andre si oppleving. Dette er det mest verdifulle med samarbeid, å sjå frå andre vinklar for å utvide sitt eige perspektiv – for å sjå, lytte og sanse på nye måtar. Dei andre lærte meg også om sopp og bregner, og om furuskog som veks på kalkfjell. Eg kjente ei svak misunning for at dotter mi har uteskule, ho lærer på denne måten ein dag i veka. Kva som hadde skjedd om eg bestemte meg for å gjere det same ein periode?
Lydfila til venstre er opptak av skog, fuglar og gåing i tørre kvistar. Det einaste opptaket som ikkje er gjort av meg, er lyden av kråka, gjøken og dei nærgåande humlene, desse er frå NRK sitt lydarkiv. Den øvrige lyden er feltopptak frå skulehagen ved Lærarhøgskulen på Stord, Breivikjo på Stord og Kverkilberget på Inderøya i perioden 2021- 2023.