2023 Som om eg har vore her før



Dette verket markerte avslutninga for mitt  kunstnariske stipendiatarbeid, og må sjåast i tett samanheng med den poetiske refleksjonen Omgitt av bølger. 


Gjennom heile stipendiatperioden har eg skrive poesi, dagboksnotat og refleksjonar knytt til minne om musikk, om møter på tvers av tid og stad og om lanskdap – det siste året med god hjelp frå forfattar og ein av mine to medveilederar Marte Huke. 


Arbeidet sirkla seg etterkvart inn mot tre stikkord som på ulike måtar kan seiast å danne grunnlaget for verket. 





Tilstand




Stillstand





Avstand





Eg ville gjennom lyd, lys, rørsle og rom ta med publikum inn i ulike stemningar, eller stemningsrom. Eg ville ikkje presse mine minne på publikum, men prøve å skape ei ramme og eit rom der også deira eigne minne og opplevingar kan få plass. 


I søknaden min om opptak til stipendiatprogrammet skreiv eg dette,  som også er å lese under Det som er mellom i denne eksposisjonen:


 

Korleis kan eg utvikle verk der eg utforskar spenninga i ulike uttrykk slik at eg skapar noko som er uføreseieleg, dynamisk og overraskande? 
Til grunn for alt eg gjer ligg ei sterk dragning mot abstrakt historieforteljing. Kan eg bruke dei elementa eg har til rådvelde til å fortelje ei 
historie utan å bruke for mange ord? 

 


Dei som var med på dette siste prosjektet:


Konsept, komposisjon og tekst: Gyrid Nordal Kaldestad

Lys, projeksjonar og visuelle element: Evelina Dembacke
Medverkande: Gyrid Nordal Kaldestad (stemme og elektronikk), Are Lothe Kolbeinsen (gitar, preparert gitar og elektronikk), Anne Hytta (hardingfele), Klaus Ellerhusen Holm (klarinett og saxofon), Siri Jøntvedt (koreografi, dans og stemme), Ben Reimer, Noam Bierstone, Jennifer Torrence og Alexander Haupt (Architek Percussion),

Co- produksjon: Rosendal Teater

Støtta av: NTNU, Norsk Kulturfond, Norsk Komponistforening, Norsk Komponistfond, Canada Council for the Arts //Conseil des arts et lettres du Québec og TEKS (Trondheim elektroniske kunstsenter).

Veiledarar i prosessen: Christian Blom, Marte Huke og Øyvind Brandtsegg

 

 

 


Frå venstre: Gyrid Nordal Kaldestad, Jennifer Torrence, Are Lothe Kolbeinsen, Klaus Ellerhusen Holm, Anne Hytta, Alexander Haupt, Noam Bierstone, Siri Jøntvedt, Ben Reimer, Evelina Dembacke. Foto: Manuel Madsen

Som om eg har vore her før oppsummerer  for meg det kunstnariske utviklingsarbeidet, og element av arbeid gjort gjennom stipendiatperioden vart her brukt i ein ny samanheng, og verket er slik også ei lydleg oppsummering av desse fire åra. I tillegg til mykje nytt materiale, og med samtida og det som skjer i verda som noko det for mitt vedkommande vart umogleg å sjå vekk frå.  Melodien Lament for øydelagde minner spelar slik sett på  både fortid og notid.  Dette var ikkje noko publikum visste før dei opplevde verket, og dette var heller ikkje viktig for meg at dei visste. Men det er viktig at dei medverkande kunstnarane i prosjektet veit dette, og deler av innstuderinga av verket handlar også for meg om å setje musikarar, dansekunstnar og lyskunstnar inn i tankane som ligg til grunn for verket, og lydmaterialet som blir brukt. Enkelte vart satt inn i desse tankane på eit tidleg stadie, andre på eit seinare. Nokre tankar og stikkord har eg delt med Evelina Dembacke i prosessen med Frosne øyeblikk, då eg snakka om eit minne om billykter som sveipar gjennom rommet en ligg i om natta. Det sveipande lyset kom inn i dette verket. Ein viktig presisjon er at Eirik Blekesaune som står oppført fleire stader i program og anmeldinga på teknisk assistanse, fekk ei mindre rolle i dette verket enn først planlagt. Han hjalp meg heilt mot slutten av prøveperioden å lodde backup med kontaktmikrofonar, slik at eg hadde dobbelt sett, i tilfelle ein eller fleire skulle ta kvelden like før premieren


Dei medverkande kunstnarane  er alle med fordi dei er kollegaer som eg har arbeida tett med i løpet av dei siste 20 åra, og som alle på ulike måtar er og har vore svært viktige for mitt kunstnarskap. Det å arbeide med minne vert slik også reflektert i ønsket om å ha nettopp desse utøvarane med. Det var inga selvfølge at dette skulle vere mogleg for nokre år sidan, og eg er svært takksam for at dette siste verket var mogleg å gjennomføre slik det vart, med kunstnarar frå tre ulike land: Canada, Sverige og Noreg. 


Eg vil seie at det ikkje er mogleg å oppleve verket utan å vere i same rom som det vart framført i Videodokumentasjonen som er er lagt ved her er nettopp det, ein dokumentasjon av eit verk som skal opplevast live. Den poetiske refleksjonen er for meg eit paritur som ligg til grunn for alle verk eg har utvikla og vore med på å utvikle gjennom dei fire åra som stipendiat, og heng også tett saman med dette siste verket. Eg valte difor å ha ein trykt versjon av refleksjonen liggande i foajeen til Rosendal Teater på visningsdagen, saman med dikt eg hadde skrive på papirstrimler og hengt på eitt av vindaugo i foajeen og  bøker av nokre av dei som har inspirert mitt arbeid. Papirstrimelene kjem også att i det første rommet publikum kjem inn i.  Dei same papirstrimlene som eg hang opp på kontoret mitt i pandemien og som til slutt vart bytta ut med nye og nye, som heile vegen var ein del av mitt kontor. Eg hadde rullar med papir med notat og skisser til partitur liggande i hylla på kontoret mitt, i tillegg til dei som til ei kvar tid hang på veggen.  Same type papirstrimler vert også brukt som instrument av musikarane. Eg skreiv meg inn i minna om musikken og lyden og kjente at all denne skrivinga og alle desse papirstrimlene måtte få sin plass i dette siste verket, etter å ha blitt oppfordra til å bruke dei slik av flerie medstipendiatar sidan eg starta med desse strimlene i 2020. 


I det eine strekket med lyd brukar eg element frå verk ein kan lese om under Samarbeidsprosjekt og dei ulike delprosjekta eg har gjort, ekkoet frå fortida frå  Den varme pusten på ruta, den bearbeida, utslitte hofta frå  Fifty ways to leave a shape, steinane frå Moral i følge Medea, suset frå fjellet frå Frosne øyeblikk og lyden av skulehagen på Rommetveit på Stord og lyden  av Gamlebyen i Oslo om natta frå  Det å reise, det å bli. Suset frå fjellet som eg tok opp i påska 2021 er med i fleire verk. For meg er dette sjølve lyden av pandemien- lyden av stillstand. Bølgene mot stranda og traskinga i stranda er tatt opp i Breivikjo på Stord, der eg vaks opp.  Desse er brukt både i Det å reise, det å bli, SKOGEN (samarbeidsprosjekt)  og Som om eg har vore her før.


Og bølgene er der alltid. Som lyd, lys og bølger mot stranda. Som vinden i grantrea. Som bølger frå fortid til notid.

 

Manuel Madsen frå Madsen Visuals gjorde lyd- og videodokumentasjon av  Som eg har vore her før den

2.desember 2023. 

Opptaket vart støtta av Norsk Komponistforening.


Under ligg ein promoversjon, samt ein fullengdeversjon.


Trykk på bildet for å starte video, velg nederst i høgre hjørne for fullskjerm. Eg anbefaler å lytte med hovudtelefonar.

Gjennom heile stipendiatperioden har eg tenkt at det er vanskeleg å beskrive skriftleg og å snakke om det eg vil formidle gjennom det kunstnariske arbeidet. Eg endte difor opp med å nærme meg det å skrive om dette med eit meir poetisk språk. Dette er noko eg har gjort i mange år, skrive små tekstar og dikt, enten som del av prosessen med å utvikle verk, eller som ein start på sjølve verket. Sakte, men sikkert vart det tydeleg for meg at det er den same poesien eg søker i det lydelege, i lyset og i bruken av rommet. Eg fokuserer i stor grad på den sanselege opplevinga, og det enkelte som har opplevd mine arbeid kalla ei fysisk oppleving av lyd. To anmeldarar skreiv om dette verket, og om dei nok ikkje var heilt einige i om eg klarte det eg prøvde på, beskriv dei likevel begge ei fysisk og assosiasjonsskapande oppleving av verket. 






 


Gjennom ein time blir vi tekne på ei vandring som blei langt meir enn ei musikalsk reise. Og det er her magien oppstod for meg. Medan eg i starten sat fjetra og såg korleis Are Lothe Kolbeinsen lagde uvante lydar frå ein gitar, og både treblåsar (Klaus Ellerhusen Holm) og hardingfele (Anne Hytta) gjorde det same, blei dei heilt personlege assosiasjonane mine vekte til liv. Og med eitt var eg på hytta mi i Storlidalen ein vindfull novemberdag når frosten har sett seg og isen på Ångardsvatnet er i ferd med å fryse til. Under ein stjernehimmel er det ofte stilla ein søkjer på slike plassar, men så full av ulike lydar som naturen er, kan han også by opp til konsert. Og slik blei mi oppleving. Eg høyrde vinden som ula rundt novene, knitringa frå vedfyringa, knakinga i tømmerveggane, for tre er eit levande materiale som lear på seg ved temperaturskifte. Og eg høyrde lydane frå vatnet som fraus til, spenninga i isen og all den musikken som då oppstår. Det er ei blanding av klaging, sukking og stønning som er som å høyre ein elskovssjuk kval, om du forstår kva eg meiner.

Denne produksjonen blei for meg både sterk, og ikkje minst personleg. Og det er vel slikt kunst eigentleg handlar om.. Framsyninga tok meg forsiktig i handa og førte meg gjennom lyd og musikk til kjende og kjære stadar. Eg fekk ei verkeleg déjà vu-oppleving, eller som tittelen på framsyninga heilt presist oppsummerer; – «Som om eg har vore her før»


(Amund Grimstad, https://amund.info/2023/12/som-om-eg-har-vore-her-for/)





 

Underveis i forestillingen beveger vi oss mellom to saler, via en dør. I det neste rommet sitter musikerne i en ring i sentrum, mens publikum er plassert på stoler langs veggene. Her blandes sang (Kaldestad og Jøntvedt) med lyder fra forskjellige instrumenter og gjenstander, blant annet en skive som det er festet en rekke nøkler på. Det er besnærende å lytte til klangen. De høye og raslende tonene liksom sildrer nedover ryggsøylen. Det får meg til å tenke på en Youtube-farsott med såkalte ASMR-videoer, som er laget i den hensikt å få lytterne til å kjenne en kribling i kroppen når de hører bestemte lyder. Det at lyd kan ha en slik direkte, sensorisk påvirkning er fascinerende i seg selv. Også i dette rommet leses det opp tekst, blant annet om lyder som sveiper gjennom fingertupper og hår. Her er det mer kontakt mellom ordene og musikken, på grunn det kroppslige fokuset i teksten og den sanselige lytteopplevelsen.


(Eline Bjerkan, ArtScene Trondheim og Scenekunst)

Vedlagt er pdf av anmeldingane frå Amund Grimstad (blogg) og Eline Bjerkan ( Scenekunst/ArtScene Trondheim)





Det startar med bølgene.

Bølgene og vinden i grantrea utafor huset vårt. 

Det er mørkt. 

 

 

Den gamle mannen sit oppe blant greinene. 

Han ser på meg og seier at han skal komme og hente meg no. 

 

 

Vinden susar.

Eit hav av greiner svaiar i vinden. 

 

 

Føtene mine sit fast i myrskogbotnen. 

 

Brørne mine kjem og løftar meg opp, drar meg med seg og me legg på sprang.  

 

Me spring over myr og lyng, gjennom klunger og samanvokste greiner. Spring til alt me høyrer er fjerne rop og vinden i grantrea over oss. 

 

Til alt me høyrer er ropet frå barndommens mørke stiar. 

 

Til alt me høyrer er regnet som piskar mot ruta. 

 

Til alt me høyrer er knakinga i huset. 

Til alt me høyrer er

Til alt me

Til alt

til

t

 

shhhhhhhhhhhhhhh           

shhhhhhhhhh

shhhhhhhhhhh









Lyden av bilen som køyrer gjennom svingen,

bassen forplantar seg gjennom asfalten, jorda, grunnmuren, veggene, vindaugo. 

Lyden vibrerer heile huset. Rommet. Lyden kjem                                                                                              

 


 

nærare og forsvinn

 

 

nærare og forsvinn

                                  

                                  

 

nærare og forsvinn

 

 

 

Lyset sveipar gjennom rommet. Frå høgre mot venstre. Lyden sveipar gjennom kroppen og ut i fingertuppane,

 

sveipar håret frå side til side,

sveipar tankane frå dagen inn i natta

 

 

rommet lyser opp eit kort øyeblikk

gjøkuret

hylla med tekoppane av tynt porselen

vegg-til-veggteppet som etterliknar marokkanske fliser

dei brune gardinene

lysstriper som stryk seg langs veggene og taket før dei 

 

 

 

forsvinn 

 

      forsvinn 

 

forsvinn

 

 

Og så.

Etter brannen.

 

Minna om lyset og lyden gjennom rommet.

 

 

                           

    nærare                                                   nærare

 

I ein tverrkunstnarisk prosess som arbeidet av eit slikt verk er, kan ein sjå på partituret som eit hendelsesforløp der ein strukturerer materialet i tid og rom. Når alle er samla for å setje det heile saman, skjer det alltid endringar, og i dette verket var det viktig at alle overgangar mellom romma skulle flyte. Alle dei medverkande var med å bidra til denne finjusteringa mot slutten. Lyden, lyset og bevegelsen fører publikum inn i dei ulike romma. Det aller viktigaste for meg er at alle kjenner seg trygge i situasjonen eg set dei inn i, og at me saman kan skape dette rommet som eg har sett og hørt for meg. Eg tenkjer at slik eg abeider, er det essensielt å bygge tillit i ein slik prosess, å lytte og vere open for at endringar kan og må skje når det nærmar seg premiere. Eg ha lagt ved oppsettet til rommet, samt 

hendelsespartitur, skisse over korleis eg tenkjer at del II skal vere og plassering av publikum og utøvarar. Musikarane fekk ei mappe med alt materiale, også videoar og lydopptak av mine sjølvvlaga instrument. Tekstane eg les vart også sendt i ein engelsk versjon til Architek, desse engelske versjonane har eg valt å ikkje legge ved her, sidan det meste andre er på norsk. Oppsett av rom og partitur til Del I er skrivne på engelsk i utgangspunktet.

Oppsett av rom 1,

marker til høgre for å sjå

ein større versjon.

 

Til høgre kan du sjå  pdf av partituret

for rom 1 av Som om eg har vore her før. Partituret

er skrive på engelsk, då ensemblet som

framførte verket besto av fleire nasjonalitetar.

Melodien, Lament for øydelagde minner vart brukte i både del I og del II av verket. Melodi og akkordar er eit utgangspunkt for musikarane , som har bakgrunn frå jazz, samtidsmusikk og folkemusikk, og eg tenkjer på den på same måte som ein standardlåt frå Reel Book, som gir større fridom til musikarane. Omkvedet som blir sunge av meg og Siri Jønvtvedt, song og spela eg inn, slik at musikarane kunne høyre det medan dei spelte over den noterte melodien. 

Oppsett av rommet,

marker pdf til venstre for å sjå 

ein større versjon.

Til venstre kan ein høyre omkvedet

som blir sunge av i del II av verket. 

i ein versjon med piano og song som vart 

lagt ved note og øvrige deler av partituret.

Evelina Dembacke plasserte eit kraftig kvitt lys på golvet i den enden av gangen som publikum hadde ryggen til då dei gjekk ut av sal 2 og tilbake til foaje, akkompagnsert av Ekko frå fortida.

Lyden i gangen publikum gjekk ut etter å ha vore i rom 1 og 2, vart spela av via 2 stk genelec 8020 og 2 stk transduserar (Visaton EX60R) og 3 stk iPod shuffle, plassert på ulike stader i gangen. Vedlagt er bilde av Transducer og forsterkar brukt- desse kan gå på batteri, slik at dei kan skjulast heilt for publikum som gjekk gjennom gangen. Transduserane var plassert over to av dørene i gangen, genelecane på golvet under ei trapp, slik at dei var delvis skjult. Lyden i gangen kan høyast ved å markere lydfila under, den er kalla ekko frå fortida og er ei bearbeiding av lyd brukt i installasjonen Den varme pusten på ruta frå 2021. 

Sjølvlaga instrument


I og med at eg brukar sjølvlaga elektroakustiske instrument av papp i i dette verket, tenkjer eg at det er på sin plass å seie  litt om korleis dei fungerer og kva for lydmateriale dei fire perkusjonistane har å arbeide med. Eg har også lagt ved lydfiler og små videoar av dei lydane frå boksene som vert brukt i dette verket. Det er to typar boksar, ein eg kallar oppmikka boks, og ein eg kallar feebackboks. Dei oppmikka boksane vert spela på ulikt vis, og to av musikarane spelar på dei med den opne sida opp, medan to av dei spelar på dei med den lukka sida opp. Dette gjer at ein får fleire moglege lydar å spele på, dei opne boksane kan spelast på med boge på ulikt vis, medan dei lukka boksane kan spelast på med finrar, metallskrubb og skrivast på. Feedbackboksane har både kontaktmikrofon og transduser festa på innsida, og ved å sende signalet frå transduser tilbake til same boks som kontaktmikrofonen er festa i, vert det danna feedback som ein igjen kan spele på, dersom ein klarer å kontrollere denne feedbacken. Måten ein kan spele på boksane, er ved å bruke fingrar og hender for å trykke ned flatene, både oppå og på sidene, litt som på eit trommemembran. Det tar tid å gjere seg kjent med korleis instrumentet reagerer, og det fordrar også at den som styrer nivået på signalet som vert sendt til transduseren ( i dette tilfellet meg) gjer musikaren som spelar på boksen trygg på at det er noko å spele på. Det er i aller høgste grad eit taktilt instrument, og det er på ein måte synd at publikum ikkje får ta del i dette aspektet når dei opplever instrumentet. 


Same type kontaktmikrofon som i feedbackboksane er brukt i instrumentboksane. Transduserane eg brukar i feedbackboksane er Visaton EX60S, som er dei eg stort sett brukar i alle mine prosjekt med transduserar for tida. Til kontaktmikrofonane brukar eg ein DI - boks frå Radial som heiter StageBug, og som er spesiallaga for mellom anna kontaktmikrofonar med piezoelement. 


Poenget med å bruke boksar av papp, er å prøve å få fram det taktile i lyden av papir/papp, noko som også kjem att når perkujsonistane startar å riste på lange papirstrimler som dei rullar ned frå lysbrua i det første rommet publikum kom inn i.


Den delen av verket der feedbackboksane arbeider med interferens, både mellom boksane, i boksane og i samspel med gitar, hardingfele og klarinett, og for meg heng dette saman med teksten på veggen om resonansen som ligg mellom oss, mellom to tonar, mellom oss og landskapet. Feedbackboksane er tuna ved bruk av equalizer(EQ) på ein måte som forsterkar ein slags grunntone i kvar boks, som dei andre musikarane kan forhalde seg til. Feedbacksystem er resonante objekt/system som ligg heilt på grensa til å tippe mellom dei ulike potensiala/frekvansene. Når man først har etablert ein resonans vil den gjerne fortrenge andre potensial, sånn at systemet ikkje lenger er i en vippeposisjon. Biletet frå Abelton Live som eg har tatt med under, er eit eksempel på korleis eg brukte EQ og kompresjon på ein av boksane, for at feedbacken skulle få ein frekvens som haldt seg stabil så lenge ikkje musikaren spelte på denne ved å trykke ned dei ulike sidene av boksen. 


Eg brukte feedbackboksane første gong i Frosne øyeblikk, og ville ha dei med inn i dette siste verket. Ved å mikke opp boksane ved å bruke kontaktmikrofonar, kan eg forsterke lyden av skriving på desse, som igjen kan minne om skriving på papir. For at denne skrivinga skulle ha ein eigen energi, ber eg musikarane som skal skrive på desse om å svare på spørsmål som er gitt i partituret. Eg har brukt boksar av tre, metall og papp tidlegare, men ville her reindyrke lyden av papir. Det å mikke opp desse boksane handlar for meg om å løfte fram lydar, eller stemmer som ikkje alltid blir hørt. Og eg likar at dei kan gå frå å vere nære, taktile lydar til å bli store lydar som fjernar lyden frå lydkjelda ved å legge på ulike effektar. Her brukar eg ein oktavereffekt og reverb på to av boksane, elles er dei berre mikka opp. 


Dei vedlagte lyfilene og videoane vart sendt til musikarane i forkant, samt at me hadde tre prøvedagar der dei fekk gjere seg kjent med boksane.


Boksane er i aller høgste grad inspirert av eit samarbeid eg hadde med komponist Anders Tveit for ein del år tilbake, Electroacoustic Music for Small Acoustic Boxes, samt Tore Honoré Bøe, sine akustiske laptopar. Og estetikken i denne måten å arbeide med lyd på er også i stor grad inspirert av  tidleg elektroakustisk musikk  av Pierre Schaeffer, men også av komponistar som Klaus Lang, James O´Callghan,  Eliane Radigue,  Pauline Oliveros og kollegaer som Heather Frasch, Øyvind Brandtsegg og Daniel Buner Formo ved avdeling for musikkteknologi ved NTNU.  

Eg har imidlertid kalla måten eg arbeider med lyd og objekt på for elektroakustisk kammermusikk. I dette verket er det ein miks av akusmatisk (høgtalarmediert) lyd, akustisk lyd og elektroakustisk lyd. Lydarbeidet vert avvikla via Ableton Live. Tekniker som var med styrte master ut til høgtalarane som hang i taket i første rommet publikum kom inn i, samt mikrofonen eg las tekst i og dei tre mikrofonane til hardingfele, gitar og klarinett. Resten av høgtalarar, boksinstrument og feedbackinstrument vart styrt av meg. 


Verket er også inspirert av arbeid av Verk Produksjoner, Verdensteatret,  Manos Tsangaris og Olafur Eliasson. 


Ved å trykke på dei ulike lydfilene og videoane under, kan du høyre ulike typar lydar spela på dei oppmikka boksane, med og utan effekt. Detaljert informasjon om kvar lyd kan du lese ved å føre musepeikaren over kvar lydfil/video.


Då publikum kom ut frå i foajeen att, fekk dei kvart sitt postkort. Biletet på kortet var det same, men teksten på baksida var ulik. Dei tre tekstane eg brukte er henta frå den poetiske refleksjonen. Korta er designa av Anita Nordal med tillatelse frå Joana Bruno frå SMØRpress om å bruke same coverbilde som på den poetiske refleksjonen. Bildet er tatt av meg i Gjevilvassdalen, påska 2021.