2021 Frosne øyeblikk


- eit verk for hardingfele, gitar, høgtalarar, pappesker, tusj og lys.


Idé og konsept:Gyrid Nordal Kaldestad

Medskapande kunstnarar: Anne Hytta (hardingfele), Are Lothe Kolbeinsen   (gitar) og  Gyrid Nordal Kaldestad

(stemme, objekt, elektronikk og lys)

Lyskonsulent: Evelina Dembacke

Støtta av: Trondheim kommune, NTNU og Norsk Komponsitforening

Co-produsent: Rosendal Teater


 

Dette verket var ein del av Trondheim Kulturnatt og presentert for ein fullsett sal ved Rosendal Teater sin sal 2 den 17.september 2021. Me hadde ei veke preproduksjon i Verkstedhallen våren 2021. Pandemien var enno ei overhengande fare, og eg starta å planlegge kortare periodar med øvingar fordelt ut over eit lengre tidsrom. Dette har har vist seg å bli ein arbeidsmetode eg likar og har bestemt meg for å fortsetje med. Det gir rom for refleksjon og bearbeiding mellom periodane.

 

Frosne øyeblikk kan på mange måtar seiast å vere ein etyde som peikar fram om Som om eg har vore her før. I utgangspunktet ville eg ha publikum på golvet i salen, men på grunn av pandemien vart det tradisjonell scene/ sal variant med, etter mi meining, litt for stor avstand mellom publikum og utøvarar/ høgtalarar/ objekt. Publikum vart meir ein observatør av det som skjedde enn ein del av det og omgitt av lyd slik eg eigentleg hadde ønska. Trass i svært fine tilbakemeldingar frå publikum, tenkjer eg at Som om eg har vore her før ligg nærare opp til det eg ønska med dette verket.


Eg var så heldig å få ei veke prøvetid i Verkstedhallen, som er ei ordning som er dekka av Trondheim kommune, i april 2021. Dette gjorde det mogleg for meg å teste det å køyre lys og lyd sjølv, då det på grunn av pandemien var svært usikkert om Evelina Dembacke kunne komme frå Sverige for å arbeide med oss. Det skulle vise seg utover året og hausten 2021 at det vart for usikkert å gamble på at ho skulle komme, og me la opp til at ho fungerte som lyskonsulent og at eg fekk hjelp til å programmere lysbordet som skulle styrast av meg av teknisk personell ved Rosendal Teater. Eg vil sei at det fungerte betre enn forventa, men  tenkjer også at eg hadde litt for mange oppgåver i dette verket. Det tok eg med meg vidare i planlegginga av det avsluttande prosjektet Som om eg har vore her før, og skreiv Evelina inn i planane for dette. 

 

Eg var heldig å få mulighet til å ha ein prøvedag, samt vise verket på Rosendal Teater, og det var i samband med denne visninga at samarbeidet om det å co- produsere mitt siste prosjekt vart etablert.


 

 



Frå programtekst Rosendal Teater,


Frosne øyeblikk er eit komponert musikalsk rom av Gyrid Nordal Kaldestad. Ho utforskar eit landskap som ligg mellom det menneskelige og taktile og det elektroniske og industrielle med bruk av akustiske instrument, objekt som blir til høgtalarar og instrument, og lys som ein del av det kompositoriske materialet. 

 

Komposisjonsprosessen


Eg ville i dette verket prøve å arbeide med tre ulike lydelege fokus- den akustiske lyden av gitar, hardingfele og stemme, pappesker som elektroakustiske instrument, høgtalarar og feedbackinstrument og lyd spela av via fire høgtalarar plassert på golvet med litt ulik avstand til publikum. Det lydlege tok utgangspunkt i to tekstar som eg hadde skrive som del av prosessen med å skrive meg inn i minner om lyd våren og hausten 2020. Tekstane var eigentleg ikkje meint å skulle lesast høgt, dei skulle vere ein del av partituret og ein del av utgangspunktet for det musikarane skulle ha for å framføre verket. Kanskje ein kan kalle det for eit stemningspartitur? I og med at eg ofte arbeider med ein type tidslinje- og tekstbaserte partitur, brukar eg også små dikt og strofer som del av desse.

 

Då me arbeida saman i april dette året, vart det tydeleg at tekstane måtte lesast. Eg kan vel nesten seie at det vart eit krav frå  Anne og Are.

 

Eg tok også opp lyd i Gjevilvassdalen påska 2021 som eg har brukt i flerie av verka i stipendiatperioden, og det er suset frå fjellet om vinteren. Ein høyrer det stille suset som alltid er tilstades i fjellet, vinden i trea som står langs vatnet, men ingen bølger, fordi vatnet er frose. Opptaket er gjort med ein Zoom H4 Handy Recorder, som ofte er med meg på tur, i tilfelle den rette lyden skulle åpenbare seg når ein minst anar.


Eg arbeider med lyden i ulike program- Ableton live, ProTools og Reaper. Det kjem litt an på kva eg arbeider med. I dette tilfellet var det for det meste Ableton Live, men med noko lydredigering i ProTools. 


Arbeidet med lys er inspirert av Evelina Dembacke, og tanken var jo også at ho skulle vere med i denne produksjonen. Eg likar hennar estetikk med å veksle mellom kald kvit og varmare gulkvit. Det minnar meg om å arbeide med få og effektive lydbearbeidingsverktøy, der eg ofte arbeider med EQ/filter og reverb for å skape variasjon i ein og same lyd. Fjellsus kan bli ti typar fjellsus, eller noko som minnar om kvit støy, dersom ein legg  ulike eq-filter på kvar lyd. 

 

Tekstane under var utgangspunktet for lydarbeidet. 



Bølgene og vinden i grantrea


Det startar med bølgene. Bølgene og vinden i grantrea utafor huset vårt. Og den gamle mannen som sit der oppe blant greinene. Han ser ned på meg og seier at han skal komme å hente meg no. Det er mørkt. Vinden susar i grantrea. Som eit hav. Eit hav av greiner som svaiar i vinden. Føtene mine sit fast i underlaget. Eg hugsar ikkje ansiktet til mannen, eller kroppen hans. Eg hugsar dei stålkanta brillene.  Og stemma. Det var også ein hund, ein ulveliknande hund. Den var ikkje snill. Den snerra mot oss. Den prøvde å bite meg. Me prøvde å drepe den, brørne mine og eg. Men då vart den omskapt til ein slags teikneseriefigur som berre smaug seg unna alt. Me sprang gjennom skogen ned mot sjøen og hørte suset frå grantrea og mannen med stålbrillene rope etter oss. Det er dette eg hugsar. Mannen. Hunden. Bølgelyden av vinden i grantrea utafor huset vårt.

Alle snakkar


Alle snakkar og snakkar medan verda pressar på frå alle kantar

Eg strekk armane opp mot greinene, lar fingertuppane gli over lauvet

I kontakt med noko

Kva som er sant er stadig oppe til debatt

Me gløymer så lett 

Fortida blir utydeleg og endrar seg etterkvart som me går

 

Eg løftar blikket opp mot himmelen, ser forbi hustaka, forbi skyene.

 

Hatet piplar fram i menneska. Språket formar oss harde.

 

Eg dukkar inn i lyden. Lyden av deg. Lyden av meg. Lyden av oss. Lyden av fridom. Lyden av sorg. Lyden av smerte. Lyden av latter. Lyden av sildrande vatn mot takvindauga. Lyden av båten som glir stille på fjorden. Lyden av farfar sitt trekkspel. Lyden av gata mi. Lyden av parken. Lyden av ungane som trippar over golvet. Lyden av vinden i tretoppane. Shhhhhhhhh

Partitur der eg også har starta å skrive inn lys som ein del av patituret. På mange måtar tenkjer eg på dette som ein etyde til 

Som om eg har vore her før

Skisser til temamelodiar spela av Are og Anne gjennom verket. Notasjonen vart brukt som utgangspunkt for arbeid våren 2021. 

Vidare arbeid med tekstane hausten 2022


Etter at eg starta å arbeide med Marte Huke og i å øve meg på litterær skriving hausten 2022, jobba eg vidare med desse tekstane, og i den poetiske refleksjonen er dei delt opp på ulike vis. Deler av dei er dregne saman, og ein god del tekst er tatt vekk. 

 

Etter at eg starta å arbeide med Marte, gjekk det meir og meir opp for meg at det å skrive liknar på det å komponere, og at måten eg skriv på minnar om måten eg komponerer på. Prosessane startar med å samle materiale for så å strukturere dette. Fokus på det klanglege og på frasering, samt det å gi rom for at det kan vere stille. Noko eg stadig strevar med når eg arbeider med lyd, og som er noko eg har som mål å bli betre på. Ved å skrive poetiske tekstar kjenner eg at eg nærmar meg musikken og lyden på ein anna måte enn før, og eg trur det har gjort meg meir bevisst på kva det er eg søkjer i det lydelege. Ei form for poesi og ei form for taktilitet og kontakt med det sanselege. 


Utdrag av verket frå Rosendal Teater, 17.september 2021


Eg har bevisst valt å ikkje legge ved fullengde video eller lyd her, d

å formatet eg arbeider i dårleg lar seg gjengi på video eller ved lydopptak.


Det visuelle og romlege aspektet er viktig i verka, og må opplevast.

Men ved å sjå kortare utdrag, kan ein likevel få eit inntrykk av stemninga. Om du trykker på bildet til venstre, vil du kunne sjå eit lite utdrag.

 

Objekt som fungerer som instrument og høgtalarar


Eg har i fleire prosjekt brukt kvadratiske boksobjekt av ulike materiale som instrument og høgtalarar, og bestemte meg i stipendiatprosjektet for å konsentrere meg om objekt av papp. Grunnen til dette heng saman med at eg ville bruke lyden av skriving som ein del av lydbildet, og testa i dette verket ut ulike måtar å bruke objekta på. I og med at hovudveiledar Øyvind Brandtsegg har det å arbeide med å utvikle feedbackisntrument som eitt av sine forskingsområder, var det naturleg at eg ville utforske korleis objekta av papp også kunne brukast som feedbackinstrument. Eg arbeider både med desse som instrument, oppmikka med kontaktmikrofonar som eg loddar sjølv, samt som høgtalarar, der eg festar transduserar (Visaton EXS60 og EX60) til objekta. Les mei utfyllande om desse instrumenta under Sjølvlaga instrument på sida Som om eg har vore her før.

 

 

I Frosne øyeblikk sendte eg også lyden av at eg skreiv på eitt objekt inn til eit anna objekt i same materiale. Feedbackisntrumenta gir meg assosiasjonar til feedback på gitar, men også eit slags synthlandskap, der eg kan blende inn stemma mi for å leike med ulike grader av interferensfenomenet svevning, som er eit mykje brukt  fenomen i både samtidsmusikk og lydkunst. Det er fleire komponistar og lydkunstnarar som arbeider dette fenomenet, og for å nemne nokre;  Kristoffer Myskja sin Interference Machine frå 2009  og Gunhild Mathea Olaussen sitt verk Interferens frå 2019 Idin Samimi Mofakham hadde dette som eitt av fleire fokus i sitt stipendiatarbeid ved Norges Musikkhøgskole. 

 

 

Eg testa i arbidet med Frosne øyeblikk også objekt av plexiglas, som eg tidlegare har brukt som lysobjekt, fylt med vatn og med trandsuserar festa på. Dette vil eg skrive meir om under samarbeidsprosjektet 340 meter i sekundet. 

 

 









Trykk på bildet for å sjå og høyre testing av feedbackisntrument saman med stemme på kontoret i Fjordgata, oktober 2012


Oppsettet for feedbackboksane er:

  • Transduser (Visaton EX60 R med pålodda høgtalerkabel)
  • Kontaktmikrofon (lodda av komponenetar bestilt frå ulike stader, Elfa, Thomann, Kjell&Company)
  • Radial, StageBug, SB-4 piezo DI- boks
  • Daytonaudio DTA-1 forsterker