2023 Det å reise, det å bli 

Byen strekk seg frå middelalderparken og vannspeilet opp mot Ekebergåsen på austkanten. Utsiktpunktet der Munch ein gong lot seg trollbinde av solnedgongen. No kan ein ta rulletrappene til topps i det nye grårgrå museet hans for å sjå himmelen eksplodere i nyansar av gultograudtogoransj, for å sjå byen bade i lys, for å sjå sola gå ned i vest. Trikken slynger seg langs kanten av åsen åsen før den svingar ned dronning Euphemias gate mot den nye byen. Den nye byen som skuggar for den gamle byen. Natt og dag. Lys og mørke. Punk og kapital. Marmor og skjørt glas.  Bjørvika og Barcode, Munch Brygge og nye Munch. Hata og elska. Det gamle og det nye. Middelalder og Framtid. Pest eller kolera. 

 

Gamlebyen- den eldste delen av byen, ved foten der. Ein del av meg ligg igjen blant ruinane der. 

 

Eg var der då den nye byen var på planleggingsstadiet, då det berre var noko meglarane snakka om for at folk skulle kjøpe leiligheter øst for jernbanebrua som går over Oslo Gate. Trafikkmaskina skal vekk sa dei. Byen skal opne seg mot fjorden. Her skal berre være park. Ti år seinare kom Bjørvika og Barcode.

 

Eg tenkjer på lukta av syriner i varme sommarkveldar og lyden av ungar som leikar i bakgårdane og svarttrosten som fyller natta med sin vakre song. Bakgårdane som skjermar for støyen i gata. På same måte som her inne på festningen. Bakgårdane er sine eigne små oasar, sine små frirom utan trafikkstøy og reklameskilt. 


Frå programtekst Ultima- trykk på bildet til høgre for å komme til ECHOES sine nettsider



Gyrid Nordal Kaldestad har skapt en lydvandring rundt Akershus festning, med sine mange utsiktspunkter over byen og fjorden. Med Gyrids stemme og lyder på ørene, får du høre poetiske historier som kanskje får deg til å reflektere over forholdet ditt til både kjente og ukjente steder. 

 

Vandringen begynner ved Karpedammen, og ender ved kaia foran festningen. Under vandringen blir du guidet av Gyrid. Hun retter blikket ditt i bestemte retninger og deler personlige historier om følelser rundt hjem og minne. Andre stemmer og historier veves også inn. Hun maner fram både omskiftelige og sanselige sider ved byer, lukten av mango, trafikk og kaos, men også parker og stille oaser.


NB: Husk å ha med hodetelefoner!


Konsept, komposisjon og stemme

Gyrid Nordal Kaldestad

Gitar

Are Lothe Kolbeinsen 

Mandolin og tenorgitar

Roald Kaldestad

Programmering

Notam/Thom Johansen

I samarbeid med

Akershus festning, Sounds Now

Støttet av

EUs kulturprogram Kreativt Europa, Sparebankstiftelsen DNB, Norsk Kulturfond, NTNU

Komponisten takker for svar og stemmer

Ben Duinker, Siri Jøntvedt, Mariam Gviniashvili, Stine Sørlie, Saila Hyttinen, Magdaléna Manderlová, Heather Frasch, Anne Hytta, Klaus Ellerhusen Holm, Eira Bjørnstad Foss, Marte Huke, Are Lothe Kolbeinsen, Kristin Bolstad og Lars Ove Fossheim





Trykk på bildet til venstre for å komme til Ultima sine nettsider, der det står om vandringa på norsk og engelsk. 

Lydfila under er skillingsvisa "Mitt kjære Oslo" laga av Gyrid spela på mandolin av Roald Kaldestad, lydlandskap er henta frå lydvandringa. Visa hadde ein tekst som aldri vart brukt- den fin muligens vegen inn i eit seinare prosjekt. Visa var tenkt som eit brudd med dei meir meditative og ordrike delene av vandringa, og for å understreke at ein no skulle bevege seg vidare.








Å Oslo, mitt kjære Oslo, at eg reiste frå deg,

du fylte mitt hjarta med sorg og kjærlighet.

Å Oslo, mitt kjære Oslo eg kjeme tilbake til deg,

så ofta eg kan, og et papadam.



Utgangspunktet for verket var å lage ei lydvandring på Akershus Festning. Etter kvart vart ruta utvida til å bevege seg ut av festningen og ned til fjorden.


Arbeidet med denne lydvandringa gjekk over fleire år, då den stadig vart utsett på grunn av pandemien. For min del skulle det vise seg at dette var ein god ting, sidan eg som stipendiat då hadde mulighet til å la ting ta tid, og at ideen stadig endra seg.

 

Eg  flytta familien min frå Oslo til Trondheim for at eg skulle kunne ta doktorgrad, og vandringa vart på mange måtar mi kjærleikserklæring til Oslo. Men også til det å minnast stader som er og har vore viktige, og om det å kunne reise. 


Dette kan vel seiast å vere det mest ordrike verket eg har laga i denne perioden.  

Deler av lydlandkskapet  er ein lydleg referanse til det eg snakkar om i tekstane. Nokre av dei er feltopptak tatt opp på dei ulike stadene eg snakkar om;  frå Breivikjo på Stord, frå skulehagen som ligg rundt  lærahøgskulen på Stord,  der eg vaks opp; frå Gamlebyen i Oslo om natta; lyden av ferja som fraktar ein til og frå og lyden av gitar og mandolin. Tekstane blir lesne av meg, og alle opptak er gjort av meg.


Inspirert av Verk Produksjoner, Max Frisch, Pauline Oliveros og Yoko Ono, laga eg nokre spørsmål som dannar grunnalget for tekstane i vandringa. Eg sendte også desse spørsmåla til eit utval kollegaer og bekjente, og ba dei sende meg sitt svar på lydfil, som eg så igjen brukte som del av lydbildet i vandringa. Dei førespurte var innforstått med at dette skulle inngå som del av eit kunstprosjekt, og som del av mitt stipendiatprosjekt. Spørsmåla er også ein del av  Omgitt av bølger.

 

 


Spørjeskjema 1

 

 1.Ser du for deg eit landskap når du lukkar augo? Kan du beskrive dette landskapet med eitt eller fleire ord, eventuelt ei setning?

 

 2.Er det ein særskilt lyd du assosierer med dette landskapet?

 

 

Spørjeskjema 2

 

 1.Er det ein stad du alltid vender tilbake til, fysisk eller i tanken?

 

 2.Kan du beskrive denne staden med eitt eller fleire ord, eventuelt ei setning?

 

 

Spørjeskjema 3

 

 1.Er det ein stad du kunne tenke deg å reise til, som akkurat no kjennest umogleg eller uoppnåeleg?

 

2.Korleis ville det vere for deg om du aldri kunne reise?

 

 

I arbeidet hadde eg heile vegen med meg Thom Johansen og Notam for å finne den beste løysinga for ei GPS- basert vandring. Me landa på å bruke appen ECHOES Interactive Sound Walks, som er prøvd av fleire andre lydkunstnarar. I arbeidet med vandringa, testa me mellom andre Flettverk, samt Goksøyr og Martens si vandring GO  som tok i bruk mp3- spealarar. I tillegg har eg sidan tidleg 2000- tal hatt Janet Cardiff og Georg Bures Miller sine vandringar som inspirasjon, trass i at eg aldri sjølv har opplevd desse i sitt rette format- berre via nettsider og DVD. Sidan Ultimafestivalen er ein internasjonal festival, laga eg både ein norsk og ein engelsk versjon av vandringa. I denne dokumentasjonen har eg lagt ved ei video av den norske versjonen. Per Olav Kaldestad hjalp meg å lese korrektur på dei engelske tekstane.

 

 

 







Om du trykker på bildet til venstre, kan du sjå pdf som eg brukte då eg skulle snakke med dei tilsette ved Ultima om prosjektet i mars 2023. Noko er klart, andre ting meir på skissestadiet

Eg var så heldig å få ei anmelding av Simon Cummings i etterkant av festivalen. Det er noko eige med å lese andre si tolking av noko ein har skapt, der han heilt tydeleg har fått assisjoasjonar eg sjølv ikkje har hatt då eg laga verket. Det eg imidlertid set stor pris på, er det han beskriv om tankane vandringa set i gong. Dette er noko fleire har gitt tilbakemelding på. Mi vandring er den siste av tre verk han melder her.

 

Sjølv har eg alltid ein del kritiske merkander og tankar kring eige arbeid, men dette ser eg berre på som viktig og ein naturleg del av ein kunstnarisk prosess og eit kunstnarisk virke. Eg tar med meg det eg sjølv ikkje syns fungerte optimalt inn i neste lydvandring – for dette er noko nytt for meg, og som eg tenkjer å vidareutvikle i åra som kjem.

PDF av anmeldinga er lagt ved under

Videoen som ligg litt lengre ned på sida her, er filma av Thom Johansen frå Notam som går vandringa. Lyden er då slik ein høyrer den når ein står og går. Videoen kan gi eit inntrykk av vandringa, men eg må understreke at det ikkje er mogleg å få den fulle opplevinga utan å gå løypa sjølv. Det er noko med å vere i desse omgivelsane og høyre stemma mi og lyden tett på og sjå landskapet eg snakkar om på avstand. Slik sett er det fint å ha fått anmeldingar som Cummings sin, fordi det gir nokon andre sitt blikk og øyro på det ein har laga. 



My headphones meant that it was impossible for me to hear the outside world, yet Kaldestad’s sound design was such that the headphones felt transparent, as if the real world and the sound walk had fused into a single enhanced reality. As a foreigner in Norway, it felt good to reflect on the blessing of having the opportunity to travel, to hear new sounds, visit (and revisit) new places, and take time in them, getting to know them and figuring out what makes them literally and figuratively tick. The best thing about sound walks such as this is that you emerge from them changed, sometimes profoundly. You’ve been present in the world yet, for a time, you’ve also been half absent from it, enclosed in the artificial construct of the walk; yet when you become fully present again, the world isn’t the same, it’s been expanded, clarified, elaborated and coloured by the journey.


(Simon Cummings, 5against4, https://5against4.com/2023/10/04/ultima-2023-part-2/)




Sonene er laga slik at same lyd startar og sluttar den lydsonen du kjem frå og den du går inn i. Både start og slutt har lang utfade, som gjer at ein får ei oppleving av at det er lyd heile vegen. Det skal seiast at det var mange uromoment i å arbeide med denne teknologien, noko me forsåvidt var klar over og prøvde å ta høgd for. Den viktigaste erfaringa var at ducking ikkje fungerte- noko som ville gjort delen der ein går frå festningen og ned til Rådhusbrygga meir elegant, fordi ein hadde unngått mogleg konflikt mellom lyden som ligg heile vegen og mi stemme som informerer om kor ein skal gå. Eg prøvde å gjere det lettare ved å legge stemma mi langt til venstre i lydbildet, og filtrere den slik at den fekk eit telefon/flycallingaktig preg. Det hjalp, men eg syns ikkje dette vart optimalt, og er noko eg må tenke vidare på til neste vandring eg skal arbeide med- om ikkje duckinga i appen fungerer innan den tid. Fordelen med å arbeide med teknologi som stadig er i utvikling er at dei som utviklar appen er avhengige av tilbakemelding for å foretre den, og jo meir konkret eg som brukar er, jo lettare er det endre appen slik at den fungerer optimalt. 

Dokumentasjonsfilmen under er filma av Thom Johansen medan han går vandringa, så kameraføringa er litt dogmeaktig. Eg har lagt på teksten som kjem til slutt i etterkant. Ha på hovudtelefonar når du ser dokumentasjonsfilmen.