Det som er mellom 


 

Dersom du ønskjer det, kan du lytte til lyden av bølgene tatt opp på same stad som bildet er tatt, Brevikjo på Stord, medan du les teksten. 

Det som er mellom



Eg har her samla dokumentasjon av arbeida eg har gjort som kunststipendiat ved NTNU frå 2019 til 2023. 


Dokumentasjon er av dei kunstnariske resultat, av samarbeidsprosjekt der mitt bidrag heng saman med det kunstariske arbeidet som stipendiat, og ulike fora der eg har formidla i form av føredrag, panelsamtalar, verkstader og samtalar. Den kritiske refleksjonen, som eg har kalla ein poetisk refleksjon er lagt ved som PDF, og er å finne på sida som heiter Omgitt av bølger. 


Ein kan gå til kvart enkelt av prosjekta ved å trykke på tittelen, ein vert då linka til rett side. Øverst på kvar enkelt side, med unntak av denne første sida, er det også ein meny med desse linkane. Ein kan også navigere til dei ulike sidene i eksposisjonen øverst til venstre på kvar side, via  menyen som kjem til syne om du markerer contents.


KUNSTNARISKE RESULTAT 

Prosjekt som eg ser på som hovuddelane av det kunstnariske utviklingsarbeidet, og der eg er den som står for konsept og idé.


 

TUNING IN / FROSNE ØYEBLIKK /  DEN VARME PUSTEN PÅ RUTA DET Å REISE, DET Å BLI/  SOM OM EG HAR VORE HER FØR 

 

 


SAMARBEIDSPROSJEKT


Samarbeidsprosjekt er ei side  der eg har samla prosjekt der mitt bidrag inn i prosjektet er relevant for doktorgradsarbeidet. Nokre av prosjekta er eg med som initiativtakar til, medan andre er prosjekt eg er invitert inn i av andre kunstnarar, då i all hovudsak som komponist.


SAMARBEIDSPROSJEKT



POETISK REFLEKSJON

Eg har valt å kalle den kritiske refleksjonen kring doktorgradsarbeidet for ein poetisk refleksjon. Denne er vedlagt i PDF- format, samt at eg også skriv litt om bakgrunn og kontekst for forma refleksjonen min har fått.

Vedlagt er også bilder av printa versjon av refleksjonen.

Refleksjonen er designa og printa av Joana Bruno/SMØR Press.


 

OMGITT AV BØLGER


FORMIDLING

Eg har også med ein del som eg har kalla formidling, då eg i løpet av stipendiatperioden har deltatt på ulike fagesminar, heldt workshops, føredrag og deltatt i kunstnarsamtalar med utgangspunkt i doktorgradsarbeidet. 


FORMIDLING 

 


TAKKELISTE

Takkelista er ei oversikt over kollegaer, samarbeidspartnerar, institusjonar og inspirasjonskjelder for arbeidet desse fire åra. 

 

TAKK



Bakgrunn og kontekst for stipendiatprosjektet


 
Poesi betyr «å skape»
Poesi kan også brukes om noe som vekker følelse og stemningsfullhet. 
Adjektivet poetisk betegner det samme. 
(SNL)
 

Gjennom å ha prøvd å leite etter kven og kva som inspirerer mitt arbeid, 
og kva det er mitt arbeid eigentleg er fokusert rundt er det tre stikkord som utkrystalliserte
seg det siste halvåret av stipendiatperioden.
 



Tilstand                                          
 
 
 Stillstand

  
 Avstand



For meg er desse orda det som definerer det poetiske språket, uansett kunstart. 
Tilstanden i ein prøver å gjenskape ved å beskrive eit øyeblikk, tilstanden i lyd, 
ei rørsle, eit sakte pulserande lys, som berre er, som ikkje skal nokon stad. 

Stillstanden i det å la ein lyd eller ei stemning vedvare, 
i å la ei historie bli fortalt med få ord,  
av å beskrive ei stemning eller eit landskap med å bruke få ord.  

Avstanden i tid og rom som ein kan skape med tekst, lyd og lys. 

Lag av det som er nært og det som er fjernt,
det du ser og høyrer og det du berre kan fornemme. 

Sakte endringar i lyden, lyset eller rørslene, 
overgangen mellom stillhet og lyd, 
mellom rørsle og stillstand,
 mellom lys og mørke. 
 
 
Då eg starta med dette prosjektet for fire år sidan tenkte eg nok meir konkret på det som er mellom
- at eg ville undersøke kva som oppstår i møtet mellom lys og lyd, mellom lyd og rørsle, mellom lyd og stille, 
mellom lyden av tekst og instrumentlyd, mellom stillstand og rørsle. Det som er mellom kunstartene, i møtet mellom, det som oppstår mellom. 

Det som viste seg gjennom dei ulike prosjekta eg har gjort at det er sjølve mellom som er prosjektet, 
og at det i dette tilfellet handlar om det som oppstår i møtet mellom menneske og mellom idé og gjennomføring. 
Mellom menneske i ein samtale, mellom abstrakt idé og prosjekt, mellom tanke og handling, mellom meg og teksten om det som er mellom. 
Møtet – det som oppstår i møtet, det er der kjerna til min metode ligg, og det som har endra seg og endra meg i denne prosessen er å forstå 
kor essensielle desse møta eller møtepunkta er. 

Utgangspunktet for det kunstnariske skulle ta utgangspunkt i minne - om lyd i første omgang, men med minna om lyd kom
også minna om mennesker, om reiser og om landskap.

Tekstar om minne, menneske, lyd og landskap, lukter og fargar er blitt 
ein del av det kunstnariske resultatet. Omgitt av bølger kan på mange måtar seiast
å vere eit partitur til dei verka eg har laga i løpet av desse fire åra.

Skrivinga har alltid vore ein del av prosessen, men aldri vore ein så stor del av det kunstnariske uttrykket som den er blitt no. 
Dette vart tydelegast våren 2020, då alt kjentest stilleståande, der tvilen om kvifor kunsten i seg sjølv og mitt arbeid skulle være viktig 
for noko eller nokon som helst. Og i dette kom behovet for å skrive- både smått og stort. I bøker, på papirremser på veggene og i dokument 
på datamaskina mi.  

Gjennom skrivinga vart det tydeleg at alt handlar om musikk, at det er sjølve livet og eksistensgrunnlaget for meg og at det er nokre ting som 
er heilt sentrale for min kunstariske prosess:


- minne om landskap, lyd og møter med andre mennesker. 


Eit totalt fråvær av fysiske møte og det å kunne reise, gjorde at eg starta å ta kontakt og å dele tankar og tekstar med
folk som på eitt eller anna vis er viktige – både kunstnarisk og menneskeleg. 

Eg starta å leite etter kven dei eg er inspirert av kunne være inspirert av.
 
Eg prøvde å leite bakover i eit forsøk på å finne ei slags kjerne.

Gjennom å lese ei bok med intervju med David Lynch, 
der han snakkar om filmane og om at han eigentleg ikkje likar å snakke om det han arbeider med, 
eller å prøve å forklare det, dukkar dette sitatet opp, og dette resonnerer i meg .
Kanskje fordi eg også er ein av dei mange som syns det er vanskeleg å artikulere noko om mitt eige arbeid:
 



You start thinking about articulationg a certain thing, 
and then you suddenly see it for what it is and the magic goes away a little bit. 
It´s tricky. When you talk about things 
– unless you´re a poet – a big thing becomes smaller. 

(Chris Rodley, Lynch on Lynch, s27)
 




Og akkurat slik er det for meg også, og sikkert for mange andre, at det du arbeider med, som for deg er viktig og magisk,
kan ramle saman som eit hus med alt for dårleg fundament dersom du prøver å snakke om det.
Og for å kunne klare å snakke måtte eg klare å skrive, eller rettare sagt, klare å tørre og dele det eg skriv med andre. 

Eg begynte å skrive fram landskap eg har vore i og lengtar tilbake til, 
og i dette var det alltid ein lyd som stadig vendte tilbake, lyden av bølger, lyden av regn og lyden av vinden i grantrea. 
Og tekst er jo i aller høgste grad lyd- det er berre så lett å gløyme dersom ein ikkje les teksten høgt for seg sjølv. 
Det har blitt tydeleg for meg at eg både reint konkret, i form av feltopptak og bruk av stemme, og meir abstrakt, 
i form av at eg prøver å lage landskap og taktilitet i lyden – om det er å forsterke skriving med tusj på papir, 
om det er å la klarinettklaffer simulere regn, eller strøk på fele og gitar simulere vinden i grantrea. 
Eg vil tett på lyden av skriving på papir, på regnet på takvingaugo, på bølgenemot stranda, 
på suset i fjellet, på vinden i grantrea og har leita etter måtar å flytte desse lydlandskapa og då også minner om desse 
landskapa frå eitt rom til eit anna. 

Utanfrå og inn, innanfrå og ut. 
 
I den opprinnelege prosjektbeskrivinga mi frå våren 2020 skreiv eg følgande:

Det er eit sitat av komponisten Gyrgy Ligeti som eg alltid vender tilbake til, og det er dette romlege fokuset som 
vil fungere som ei overbygning for mitt prosjekt. 

Det er dei gongene at tid og rom blir oppheva eg har fått dei største kunstopplevingane, 
særskilt i form av musikk, dans og scenekunst. 

Vil eg kunne klare å overføre denne kjensla til noko som ligg i grenselandet mellom konsert og installasjon? 



Chronological time runs naturally, but the music creates the idea that time does not exist any longer, it becomes space. 

(Gyorgy Ligeti)




Korleis kan eg utvikle verk der eg utforskar spenninga i ulike uttrykk slik at eg skapar noko som er uføreseieleg, dynamisk og overraskande? 
Til grunn for alt eg gjer ligg ei sterk dragning mot abstrakt historieforteljing. Kan eg bruke dei elementa eg har til rådvelde til å fortelje ei 
historie utan å bruke for mange ord? 

Stikkord for dette arbeidet kan være å prøve å finne ein musikalsk poesi, ei form for historieforteljing gjennom lyd, lys, rørsle og tekstfragment. 
Kan verket, med sine lydlege og visuelle element samt brokkar av tekst fortelje ei historie som gir meining? Eg ønskjer å forske i dette landskapet. 
Gjennom konkrete prosjekt i løpet av stipendperioden kjem eg til å utforske ulike arbeidsmetodar, både som verk som inkluderer utøvarar 
som grensar over mot installasjon, og gjennom installasjonar som tar i bruk lyd, lys og tekst. 
 
Med dette som bakteppe, og med utgangspunkt i minne om lyd, starta eg det arbeidet skulle bli ulike verk med likt ulikt fokus, men som
tematisk heng saman i sin søken etter å finne tilbake til eit øyeblikk, ein tilstand i det som er her no og det som er på avstand. 

Eg starta å gå vegar eg ikkje hadde gått før for å sjå om eg kunne finne ut noko om korleis og kvifor kunsten min blir til.

Gjennom å skrive logg frå eg starta i 2019 og fram til 2023, og poetiske tekstar skrive som del av dei ulike prosessane
eg har vore gjennom, og for å kunne kjenne at eg også skapte i periodar med nedstegning, jobba eg meg inn mot noko som eg 
kjenner liknar det å dele med omverda korleis ein kunstnarisk prosess kan vere.