NTNU-kunst for ein betre kulturby?

 

Korleis kan NTNU, Trondheim kommune og kulturfeltet saman sørge for at Trondheim blir ein aktuell, attraktiv, kunnskapsbasert og mangfaldig kunst- og kulturby? Både for dei som skal leve av kultur og dei som skal nytte seg av tilboda.

 

I anledning Artistic Reseach Week 2024 vil programkomiteen i samarbeid med NTNUs satsingsområde Fellesskap, initiere et arrangement på Litteraturhuset torsdag 24. oktober kl. 19:00- 21:00. Vi ønsker å invitere alle interesserte til en kveld med ny innsikt om Trondheim som kulturby, konstruktiv dialog og kreativ høgtenking kring framtida.

 

Vi vil sette på agendaen korleis NTNU og Trondheim som by, kommune, lokalsamfunn og fellesskap best mogleg kan ta i bruk, ivareta og legge til rette for den kunstfaglege kompetansen som NTNU og andre fagmiljø har. Korleis kan kommunen ‘rigge’ si verksemd  slik at en sikrar deltaking i kulturtilbod på tvers av sosiale grupper og sikrar plass og rekruttering til kunstfaglege miljø?

 

Korleis kan dei ulike kulturaktørane i Trondheim samarbeide med NTNU for å sikre at publikum får opplevingar av høg kunstnarisk kvalitet og aktualitet og bidra til lokal rekruttering av kompetente kulturutøvarar? Og korleis kan NTNU kome tett på kulturlivet, utdanne relevante kandidatar og formidle kunnskap for eit betre lokalsamfunn i kulturbyen Trondheim?

 

Formatet på arrangementet er ein leda samtale med deltakarar som kan bidra med ulike perspektiv, roller og erfaringar, frå NTNU, Trondheim kommune og nokon som har lang erfaring frå kulturlivet i Trondheim.

 

I forkant av samtalen vil vi invitere stipendiatar med ulik kunstfaglege bakgrunn frå NTNUs ph.d.- program i kunstnarisk utviklingsarbeid som alle kan dele nokre av sine forventningar og erfaringar med publikum. 


Language: Norwegian