Omgitt av bølger

- ein poetisk refleksjon

Bakgrunn og inspirasjon for å skrive ein poetisk refleksjon

 

I februar 2020, like etter at eg hadde flytta til Trondheim for å starte som stipendiat, var eg på seminar 2 av den nasjonale forskaskulen for kunstnarisk utviklingsarbeid på KHIO i Oslo. Eg var framleis ein blanding av nervøs, usikker og glad, og kjente at det var rart å komme til Oslo på seminar utan å bu der. Omtrent på same tid med dette seminaret, hadde eg lånt boka Du er et levende sted av Marte Huke. På nettsidene til Tiden Norsk Forlag står dette om denne boka, som kom ut i 2019:

 

Med en poets evne til å se verden ny har Marte Huke skrevet en diktsamling om det å få barn, som samtidig viser sammenhengene mennesket inngår i, både politisk, historisk og biologisk. Resultatet er blitt en rik, vakker og mangslungen bok, fra en av Norges fremste poeter.

 


Det som gjorde mest inntrykk på meg under seminar 2 var då Eivind Buene snakka om å skrive refleksjonen, og viste eit par døme på korleis dette kan gjerast. Det eg sat att med etter å ha lese dei døma han presenterte, var at ein må prøve å skrive refleksjonen på ein måte som heng saman med det kunstnariske uttrykket ein arbeider med. Både Caroline Slotte og Trond Reinholdtsen, som var to av dei han viste oss, har løyst refleksjonen svært ulikt. Men det som kunne seiast å vere felles for desse to var at  begge har gjort det på ein måte som gir meining i forhold til deira kunstnariske praksis. I notata mine til førelesninga med Buene, skriv eg følgande:

 

 

  • Bruke språket for å aktivere lesaren – skrive om lyd og minner slik at ein høyrer og ser det for seg.
  • Ta konsekvente val medan du skriv. Sjå i tekstane du les – eller få andre til å lese- slik at ein blir meir bevisst dei vala ein tar. 
  • Snakke med Marte Huke om tekstskriving

 

Dette skreiv eg i februar 2020, men det skulle likevel gå over to år før eg tok kontakt med Marte Huke om å vere veiledarne min på skriving av refleksjonen slik eg ville gjere det. Vårt første møte var hausten 2022, og på mange måtar tenkjer eg at dette var perfekt timing. Eg hadde då laga fleire verk og vore gjennom ein heil pandemi, og hadde i pandemien skrive mange tekstar eg hausten 2022 kunne gi til Marte og sei:

 


Er det noko meining i dette i det heile for andre enn meg?

 

 

I samarbeid med Marte Huke, og inspirert av andre som eg visste om som hadde gjort liknande grep i sine refleksjonar i kunstnarisk utviklingsarbeid, og inspirert av forfattarar som skriv fram minner eller som blandar saman dagboksnotat og dikt, starta eg å sortere tekstane mine til det som vart det eg har kalla ein poetisk refleksjon.

 

Å sette saman tekst er som å sette saman lyd. Komposisjonsprosessen med tekst og med lyd er for meg blitt to sider av same sak. Eg vil på mange måtar sei at eg gjennom å skrive tekst har laga meg ein metode for å arbeide med musikk. Enkelte komponistar seier at dei skriv musikk, slik eg arbeider seier eg oftare at eg arbeider med lyd. Og no tenkjer eg at eg arbeider med lyd også når eg skriv tekst. Det er på eitt vis det same berre i ulik form.

 

Min eigen far Per Olav Kaldestad veksla mellom dikt og dagboksnotat i boka Oktober frå 1997, Siri Økland skriv vakkert og sanseleg om minne i boka Den tid den song frå 2019 , Økland skriv om å vere kreftsjuk og døydde av denne sjukdommen i 2021. Marte Huke sine bøker Du er et levende sted frå 2019 og Los frå 2023 skriv poetisk om både kvardag, politikk, foreldreskap og om det å vere eit skrivande menneske. Av kunststipendiatar eg kjenner til som har arbeida med refleksjon i ei poetisk form og som har inspirert meg er Caroline Slotte/Second Hand Stories, Janne Camilla Lyster/Koreografisk poesiGunhild Mathea Olaussen/Petrichor. Eg er også inspirert av bøkene til Verk Produksjoner.

 

Tittelen Omgitt av bølger refererer til fleire typar bølger.

 

Bølgene som var rundt meg på alle kantar på øya eg vaks opp på. Bølgene som kan løfte deg opp og dra deg ned, det refererer til lydbølger og lysbølger.

 

Eg tenkjer også at bølger er noko som er det same men likevel alltid i endring. Kanskje slik ein kunstnarisk prosess kan vere. Dei grunnleggande tankane er dei same, medan kvart verk er ein variasjon over same tema.

 

Dette er min inngang til å prøve å seie noko om kva ein kunstnarisk prosess er og kan vere, utvikla i tett samarbeid med Marte Huke. Korrekturlest av Per Olav Kaldestad og designa og trykt av Joana Bruno og SMØR Press

 

Refleksjonen er vedlagt som pdf her, samt eit lite utval bilder av den trykte refleksjonen som kan gi eit inntrykk av korleis den er. Designaren har i PDF´en prøvd å illustrere den eine transparente sida der diktet eg skreiv om Miles Davis som 13-åring er, ved å lage to sider som viser framsida og baksida av diktet.