2020 Tuning in - ein slags etyde for gitarar, stemme og elektronikk då alt var satt på vent

 

 

Bakgrunn og kontekst for verket

 

Dette verket starta som ein etyde for å ha noko å presentere for publikum i ein periode då alt kulturliv var stengt ned. Sidan han eg er gift med også er ein eg ofte har samarbeida med kunstnarisk, tenkte eg at det var tida for å jobbe med ein idé som sprang ut frå songen And You and I av Yes og noko Morten Qvenild sa til meg på aller første seminar i den nasjonale forskarskulen hausten 2019, før eg eigentleg hadde starta og var full av ufullendte tankar. Eg snakka om transduserar og mine sjølvlaga instrument, om minne om musikk og om at eg ikkje heilt visste korleis eg skulle angripe dette arbeidet. Han sa at eg jo kunne teste å bruke eitt av objekta frå minna som lydkjelde og høgtalar. Og då kom denne tanken om å ta opp lyden av gitar og så spele denne tilbake til gitaren lyden kom frå. Og sidan eg er så heldig å ha ein mann, som var i same kohort som meg i pandemien, og som har ein del akustiske gitarar, kunne eg teste dette. Verket var klart til visning like før jul i 2020, men vart aldri vist for publikum på grunn av nedstenging atter ein gong. Det me imidlertid fekk vist, var eit lite utdrag som del av ein forskningskonsert på Dokkhuset den 17.10 2020, i samarbeid med mine kollegaer og medstipendiatar Matilda Rolfsson og Jordan Sand. 


Det å sette transduserar på instrument er det mange som held på med, mellom andre Daniel Formo i sitt Orchestra of Speech, Ingar Zach i The vibrating Drum, Stephan Meidell i prosjektet Lydstrømmer og Anders Tveit og Parallax i verket Inside/Outside. Eg for min del hadde fram til dette prosjektet først og fremst brukt transduserar på mine sjølvlaga objekt av tre og papp, samt på vegger og golv i ulike prosjekt sidan 2017/18. Bruken transduserar vart eg inspirert av etter å ha vore vikar for Per Platou i Wishful Beginnings av Verk Produksjoner våren 2016, der den fjerde veggen i teatret var bygd igjen av ein enorm trevegg, og på baksida av denne var det festa transduserar. 

 

 

And You and I er knytt til lyd og minne frå tidleg ungdomstid. Det særskilt opninga, eller rettare sagt introen, som sit sterkt i minnet, før songen eigentleg har starta, då me høyrer gitaristen seie Ok, før han stemmer 12- strengsgitaren. Stemminga glir gradvis over i introen, som er opne akkordar, spela på ein måte som viser instrumentet sin klang. Ein høyrer sveipet over strengene som kjem når han skiftar grep. Det er tett på. Det er ope. Det er poetisk. Det er lyden av gitar.

 

 

Eg har valt å kalle dette verket for ein etyde- fordi det kjennes som me aldri fekk gjort det ferdig på grunn av pandemi og nedstenging. Det hadde heller ikkje ein naturleg plass i det siste verket Som om eg har vore her før, men eg har tankar om at eg skal vidareutvikle ideen og vise det for publikum i nær framtid. Heldigvis fekk eg, men berre såvidt på grunn av smittefaren, Juliane Schütz til å lage foto – og videodokumentasjon før eg måtte plukke gitarane ned.  Teksten under vart brukt som eit utganspunkt for verket, og er med i ei bearbeida form i Omgitt av bølger.  Eg las den også som del av arbeidsvisninga på Dokkhuset den 17.10.2020.



 

 

Stille klimpring. Leitar for å finne dei rette tonane. Ein og ein. Tar seg tid før neste anslag.  Tett på. Høyrer fingrane som blir dratt over strengene, den sveipande lyden. 


Regnet sildrar nedover takvindauga på bror min sin hybel i Bergen. Eg ligg på ei madrass like under vindauga og ser rett opp i den mørke himmelen. Ian Anderson si hese og ganske lyse stemme syng om ting eg ikkje heilt skjønar. Det handlar om verda. Om det som er uhandgripeleg, det handlar om deg og meg. And you and I climb over the sea to the valley. And you and I reached out for reasons to call. 

 

Lukta av nye gitarstrenger og kaffi. Stemminga av strengene for å tune inn til den perfekte svingninga. Der, men ikkje der. Det som skil øyro som lyttar innover og utover. Prøver å finne dei som lyttar innover. Mange år etter. Først måtte eg lære meg å lytte sjølv, til det som var innafor eller forbi lyden. 

 

Minnet kjem ikkje åleine. Det kjem med ei heil ungdomstid og ei tid der ein ikkje heilt visste kven ein var eller ville være. Alltid litt annleis musikk. Det som traff det traff så voldsomt. 

 

Tar den med meg vidare. Tar opp tone for tone. Gjennom gitaren. Spelar den tilbake dit den kom frå men i eit nytt landskap. Eit landskap som leitar etter lyden på ein anna måte. Lyden i rommet, mellom publikum, innimellom stolane kjem lydane kviskrande og smygande. Tett på.

 

Reduserer dette til fragment av lyd. Strekker ut bitar og set dei saman på ny. Litt på same måte som eg hugsar den tida. Fragment av noko som var. 

 


 

 

Verket består av 5 stk gitarar med Visaton EX60S transduserar festa til gitarkroppen, ein gitar som spelar ein drone ved fjernstyring av Koka Nikoaldze sin magnetic bow, samt at gitarist Are Lothe Kolbeinsen spelar live. Eg styrer alt via Ableton live, og verket er ei blanding av innspela lyd av dei ulike gitarane, spelt tilbake til desse via transduserar, samt at Are spelar live, både akustisk og oppmikka, slik at eg  kan prosessere deler av lyden frå gitaren som bli spela på live. Inntrykket er at Are spelar saman med sine eigne gitarar, og lydmaterialet som vert spela ut av gitarane er ulike lydar frå gitaren, tatt opp frå ein og ein gitar med kontaktmikrofon og ein mikrofon i rommet, tett på gitarkroppen. Kontaktmikrofonen var festa på same stad som eg seinare plasserte transduseren. Eg ga instruksjonar om dei ulike lydane eg ønska å ta opp; stryke over streng, plukking av treng, dra med neglen over dei grovare strengene- i lycollaget som er laga til vedlagt video, kan ein få eit inntrykk. Eg legg også ved ein video eg presenterte under mitt første Artistic Research Forum hausten 2020, som vart gjennomført digitalt op grunn av pandemien. Opptak og redigering av opptal er gjort i ProTools.


Nedstenging på grunn av pandemi like før jul 2020 gjorde det ikkje mogleg å filme og videodokumentere verket, men fotografen kunne få lov å ta bilder av dei installerte gitarane, og eg har miksa saman eit utdrag av lydbildet, som gjer at ein likevel kan få eit slags inntrykk.  

 

 

 

 

Bilder frå Dokkhuset den 17.10.2020, der gitarane var plassert innimellom publikum, samt at eg fekk hengt dei dimbare lysa eg kjøpte inn til dette prosjektet vart hengt frå taket.

Video frå Stillverk I og eit utdrag av lydbildet kan høyrast i videoen under, trykk på bildet  til venstre for å starte video

Til venstre er ein video eg viste under presentasjonen eg hadde under Atistiv Research Forum hausten 2020. Teksten er her engelsk, då dei fleste ARF vart gjennomført på engelsk på grunn av det internasjonale miljøet som er på desse forskarskulane. 

Litt bilder frå prosessen med montering og installering.