Exposition

Det som er mellom (2024)

Gyrid Nordal Kaldestad

About this exposition

I doktorgradsprosjektet Det som er mellom har eg søkt etter å finne ein samanheng mellom dei ulike uttrykka eg som kunstnar gjennom åra har arbeida med. I dette arbeidet ligg det også eit forsøk på å plassere mitt arbeid i ein kontekst og eit forsøk på ein refleksjon om korleis og kvifor det kunstnariske arbeidet blir til, og korleis enkelte av kunstnarane eg gjennom åra er blitt inspirert av kan være med på å plassere mitt eige arbeid i ein større samanheng og kontekst. Slik eg ser det er alt eg gjer på ulike måtar ein respons på noko, ei oppleving som ein tar med seg vidare inn i det kunstnariske arbeidet og som kan være inspirert av kunstverk og kunstnarskap, landskap, minner om landskap, minner om musikk og stader, menneske ein møter og minner om menneske ein har møtt. Tittelen på prosjektet fungerer for meg som ein referanse til det at eg som kunstnar kjenner at eg befinn meg mellom ulike utrykk, noko som har blitt tydelegare for meg gjennom desse snart fire åra som kunststipendiat. Snarare enn å definere meg som det eine eller det andre, bør eg kanskje godta at eg befinn meg i dette mellomrommet, at det ikkje er så viktig å definere seg sjølv, at behovet for å definere seg også ligg i noko utanfor ein sjølv, i støtteordningar, i visningsstader eller i akademia. Det å arbeide med samspelet mellom ulike kunstformer er nok for meg ein måte å søke etter ein form for poesi i det eg arbeider med, og at alt eg arbeider med spring ut frå eit fokus kring det sanselege, og i minna knytt til det sanselige både i lyd, lys, tekst og i det å etablere eit rom for ei kunstoppleving. Inspirert av kunstnarar som mellom andre Janet Cardiff, Yoko Ono, Verdensteatret, David Lynch, Joan Jonas, Manos Tsangaris, Jana Winderen, Verk Produksjoner, Siri&Snelle, Klaus Lang, Evelina Dembacke, Marte Huke og Olafur Eliasson tenkjer eg at det som er felles for alle desse, slik eg opplever dei, er at dei er i kontakt med det sanselege og det poetiske på ulike plan.
typeresearch exposition
date23/10/2023
published15/08/2024
last modified15/08/2024
statuspublished
share statusprivate
copyrightGyrid Nordal Kaldestad
licenseCC BY-NC-ND
languageNorwegian Nynorsk
urlhttps://www.researchcatalogue.net/view/2350158/2350220
doihttps://doi.org/10.22501/rc.2350158
published inResearch Catalogue
connected toNorwegian University of Science and Technology


Copyrights


Comments are only available for registered users.